Baute Group hadde rundt 700 innom dørene då selskapet markerte opning av drifta i datterselskapet Bauta Metal. Selskapet skal skjere og levere metall frå sitt anlegg på Skorgeneset i Vestnes.
Eitt av dei førte oppdraga er å skjere metallet som skal brukast i oppdrettsmerda Varig, der Bauta Group sjølv er medeigar.
Bedrifta held til i den tidlegare Leca-fabrikken på Skorgeneset, som er pussa opp og utstyr med moderne maskiner.
I tillegg til produksjonshall på 3.200 kvadratmeter, er det blitt plass til 2.000 kvadratmeter lagerhall og et utelager på rundt 20 mål.
Publisert: 27.10.2025 08:08
Sist oppdatert: 27.10.2025 09:18






