Forsoemt beredskap faar foelgjer
OMLEGGING: Iren Hørte Høibakk hos Ekornes med ein av smittevernfrakkane Ekornes sydde før påske. Fleire bedrifter, mellom dei Ekornes,  svarte på forspørselen frå helsestyresmaktene om hjelp til å laga smittevernutstyr, som raskt vart mangelvare då epidemien kom.
Analyser

Forsømt beredskap får følgjer

Berre fem dagar etter at regjeringa stengte store deler av Noreg på grunn av korona-epidimien, ba Helse Møre og Romsdal om hjelp til å få tak i smittevernutstyr. Slik kan vi ikkje ha det. 

08.04.2020
I en artikkelserie i påska ser NETT NO på kva som kan bli dei langvarige konsekvensane av koronapandemien. Dette er første artikkel. Sjå liste under.

ANALYSE


- Vi har ein situasjon både regionalt og nasjonalt der vi førebels ikkje har sikra stabile og tilstrekkelege leveransar av smittevernsutstyr, men det blir jobba med ulike løysingar og eg har tru på at situasjonen vil betre seg,
Helseforetaket sette planlagte operasjonar på vent på grunn av mangel på smittevernutstyr,
Situasjonen i Møre og Romdal var ikkje eit unntak, men regelen. Helsedirektoratet oppfordra til nasjonal dugnad for å skaffe nok smittevernutstyr til helsevesenet.
«Vi ber om at alle som sitter på lagre av smittevernutstyr kontakter Helse Sør-Øst HF (som koordinerer nasjonale innkjøp, red. merk) så fort som mulig for å avhjelpe mangelsituasjonen», sa fungerande assisterande helsedirektør, Espen Rostrup Nakstad,
Midt i krisehandteringa er det ikkje mykje nytte i å diskutere korleis Noreg kunne sette seg i ein så sårbar situasjon. Men etterpå kjem spørsmålet til å reise seg med full styrke og vil dra med seg ein debatt om sjølvforsyningsgrad og kriseberedskap på mange andre felt.
Noreg hadde rett og slett flytta smittevernberedskapen til Kina, viser det seg.
Det er der mykje av smittevernutstyret blir laga. Så lenge produksjonen går som planlagt, og skips- og flytrafikken ikkje blir forstyrra, er dette ein modell som fungerer fint. Utstyret kjem inn jamt og trutt, og det er ikkje naudsynt med dyre lager heller.
Ulempa er at det er ein sårbar modell, som kan svikte på mange felt. Kina fekk produksjonsproblem på grunn av koronaepiodemien der og forsyningslinjene (skip og fly) blei forstyrra. Etterspørselen etter utstyr skaut i vêret etterkvart som regjeringar verda over såg kva som kunne kome, og kvart land prioriterte å sikre seg sjølv. Noreg har pengar, men i ein slik situasjon er ikkje det nok.
No ser det ut til at forsyningane har kome nokolunde i gang igjen, og 1. april
Debatten som kjem til å kome vil også ta utgangspunkt i at det kunne gått mykje verre. No er det evne, ikkje vilje, til å forsyne Noreg med smittevernutstyr det står på. Kva om det kom ein situasjon der det er viljen som manglar?
Den første endringa som blir gjort for å unngå å kome i same uføret som no, er å bygge opp store beredskapslager, både av smittevernutstyr, medisinsk utstyr og medisinar.
«Just in time»-filosofien kan ikkje brukast i beredskapspolitikken. Det er for usikkert, i alle fall når produsentane av kritiske varer er langt unna.
Koronaepidemien gjer ikkje slutt på internasjonale handel, men tenkinga rundt beredskap vil gi endringar mellom anna på grunn av kostnadene koronaepidemien og tiltaka mot den har.
Rekordarbeidsløyse og eit kraftig svekka næringsliv er ein så høg pris å betale at det gir grobotn for idear som lenge har vore ute av mote.
Den politikken som har vore ført kostar. Det ser vi no.
Den andre endringa er å gjere oss mindre sårbare ved å bygge opp ein kapasitet til å produsere kritisk utstyr og medisinar her i Noreg, og utvide sjukehuskapasiteten.
Å halde koronasmittespreinga på eit nivå som gjer at kapasiteten på sjukehusa ikkje blir sprengt, er eitt av argumenta for dei strenge tiltaka mot epidemien. Auka sjukehuskapasitet er i stor grad eit spørsmål om pengar - der kostnadene kan samanliknast med ein forsikringspremie. På det jamne er det lønsamt å ha akkurat nok sjukehusplassar, men i ei krise som no kan den politikken ha auka kostnadene med å handtere krisa.
Å bygge opp ein produksjonskapasitet er ikkje gjort over natta, og spesielt ikkje innan produksjon av smittevernutstyr - som delvis er ein tekstil- og konfeksjonsindustri. Det er det lite att av her i landet.
Produksjonen vi har sett kome i gang så langt er basert ulike lager av tekstilar, som i utgangspunktet ikkje var laga og lagra med tanke på smittevern. For ei langvarig krise må også kapasiteten til å produserer tekstila på plass.
Sjølv om vi nøyer oss med å berre produsere litt av utstyret her - med planar om å kunne gjere ei rask oppskalering i krisetider, må vi starte nesten på bar bakke.
I en artikkelserie i påska ser NETT NO på kva som kan bli dei langvarige konsekvensane av koronapandemien. Dette er første artikkel.







I denne episoden kan du høyre regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal og direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal snakke om korleis bedriftene blir treft av koronakrisa - og kva som blir gjort for å hjelpe dei. Podcasten er eit annonseprodukt.
Noreg hadde rett og slett flytta smittevernberedskapen til Kina, viser det seg

Publisert: 08.04.2020 18:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59