Fredag leverte Lars Oscar Øvstegård og de andre saksøkerne anke til Frostating lagmannsrett i saka om formuesskatten.
Der kjem det mellom anna fram at saksøkarane er usamde i avgjerda frå Sunnmøre tingrett, som meinte saka måtte handsamast etter skatteforvaltningslova – og avviste søksmålet.
Saksøkjarane påpeiker at det ikkje dreiar seg om enkeltståande skatteoppgjer, men belastninga over mange år med det dei meiner er ei ein urimeleg formuesskatt.
Eit spørsmål om rettstryggleik
Dei ser også på saka som eit spørsmål om rettstryggleik og moglegheita til privatpersonar til å føre saker mot staten basert på samle effektar av offentlege inngrep.
«Dersom saken ikke fremmes til behandling vil det i praksis ikke være mulig å få realitetsprøvet lovligheten av ilagt formuesskatt og de urimelige virkningene av skatten over tid», uttaler advokat Jan Magne Langseth i advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig i samband med anken.
Meiner skatten er konfiskatorisk
Saksøkjarane meiner formuesskatten har vore eit urimeleg inngrep i deira eigedomsrett, fordi formuen det er skatta av, ikkje har gitt noko avkasting.
«Den er derfor «konfiskatorisk». Dette er avklaringer som bare kan komme ved at denne type saker ikke avvises uten realitetsbehandling, og uten noen fornuftig grunn. Saken er prinsipiell, og staten burde heller ha ønsket en avklaring på vegne av borgerne, men i stedet bruker man alle prosessuelle verktøy for å unndra seg realitetsbehandling», uttaler Langseth vidare.
Publisert: 18.10.2025 16:56
Sist oppdatert: 20.10.2025 10:44






