ANALYSE
Noreg vil bygge nye fregattar, i samarbeid med andre, og både USA, Tyskland, Frankrike og Storbritannia er moglege partnarar.
I fjor frista Vard-eigar Fincantieri med at norske verft kunne få bygge norske fregattar om Noreg allierte seg med USA.
Fincantieri har allereie ein avtale om å bygge fregattar for USA, og vil overbevise Noreg om å bygge same type fregatt.
Dei andre, mindre, nye krigsskipa Noreg skal ha skal alle byggast i Noreg. Fregattane skal derimot byggast i samarbeid med ein alliert. Dei er for store og dyre til at det er fornuftig at Noreg skal utvikle og få dei bygd åleine. Eit samarbeid gir stordriftsfordelar, både under bygging, vedlikehald, reparasjoner og utrusting, og også for våpensystem og oppgradering.
På Verftskonferansen i Ålesund i november i fjor sa viseadmiral Richard Hunt, som no er president for Vard-eigar Fincantieri sitt amerikanske skipsbyggingsselskap, Fincantieri Marinette Marine, at dei kan bygge fregattar for Noreg - også i Noreg.
– Vi kan absolutt gjere det, sa han.
Det kan bety at i alle fall ein av dei fem-seks fregattane Noreg skal ha kan bli bygd på eitt av Vard-verfta på Nordvestlandet.
Utsiktene til fregattbygging i Noreg er sjølvsagt eit ekstra argument for å velje amerikansk. Ikkje berre vil det gi oppdrag og inntekt, men og kunnskap og infrastruktur som auka sjansen for at også amerikanske fregattar også kan kome til Noreg for vedlikehald og reparasjonar i framtida.
I tillegg ville det vere eit kompaniskap med vår største og mektigaste allierte.
I løpet av få veker som president i USA har Donald Trump gjort lobbykampanjen til Fincantieri vanskelegare.
Han har endra USA sin politikk og ordbruk - når det gjeld krigen i Ukraina og Natoalliansen - på ein måte som har sjokkert europeiske statsleiarar. I FN røystar USA saman med Russland om ein resolusjon om krigen, og mot Europa.
Det er snakk om ei brå, og skremmande omlegging.
"Med Donald Trumps nye holdning til Europa, vil det være galskap å kjøpe krigsmateriell fra en alliert som ikke står støtt bak oss.", skriv redaktør Gunnar Stavrum i Nettavisen om fregattkjøpet.
"Han er en selvsentrert gangster som nå forråder Ukraina, attpåtil med prinsippløs grådighet. Ukrainerne skal tvinges til å forsyne USA med viktige mineraler. Hva tror man garantier fra en slik mann er verdt? " spør tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen i Aftenposten.
De vil vere underleg om slike tankar også ikkje har dukka opp i både Forsvaret og regjeringa.
Om det skulle vise seg at Trump berre har skapt støy og skremt Europa til å sette fart på eiga opprustning, har han uansett skapt ein tvil om USA verkeleg står bak Nato-alliansen, som Noreg har bygd sitt forsvar på sidan alliansen vart oppretta etter andre verdskrigen.
Det høyrer også med i reknestykket når fregattkjøpet skal avgjerast.
Publisert: 09.03.2025 05:00
Sist oppdatert: 09.03.2025 10:22