Vice Admiral Richard Hunt President Fincantieri Marinette Marine USA 2 Foto Ogne
BYGGER FREGATTAR: Richard Hunt tidlegare viseadmiral og no sjef for Fincantieri Marinette Marine, som bygger fregattar for USA. Selskapet er ein del av det italienskeigde konsernet som også omfattar Vard, med tre verft på Nordvestlandet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Snakka varmt om norsk fregattbygging

USA, Tyskland, Frankrike og Storbritannia frir til det norske programmet for fregattbygging.

05.11.2024

Over 70 nye fregattar. Det er summen av konkrete og anslåtte fregattar i byggeprogramma til dei norske Nato-allierte som var på scena ved Verftskonferansen i Ålesund i dag, tysdag. 

Alle fire landa presenterte seg og vil gjerne bli partnar i det norske byggeprogrammet på fem nye fregattar. 

Det er fartøy som den norske regjeringa seier skal byggast i eit langsiktig strategisk samarbeid med ein nær alliert. Det betyr at regjeringa ikkje har eit krav om at fregattane skal byggast i Noreg.

Fornuftig militært
Viseadmiral Richard Hunt, som no er president for Vard-eigar Fincantieri sitt amerikanske skipsbyggingsselskap, Fincantieri Marinette Marine, seier dei kan bygge fregattar for Noreg - i Noreg.

– Vi kan absolutt gjere det, seier han. 

Fincantieri har allereie ein avtale om å bygge fregattar for USA, og vil overbevise Noreg om å bygge same type fregatt. 

Hunt argumenter med at det også er militært fornuftig å bygge fregattar ved norske verft. Det vil bidra til å bygge opp ein reparasjon- og vedlikhaldskapasitet i Noreg, som vil vere ein fordel for amerikanske fregattar

På lang sikt anslår Hunt at USA vil bygge 50 fregattar til si eiga marine i løpet av 20 år. 

Norske kontraktar
Når Noreg skal avgjere kven som får bygge dei nye norske fregattane, er eventuelle oppdrag for norske utstyrs- og våpenleverandørar ein faktor. 

Grunnen er mellom anna at kven som får bygge, kan opne ein marknad for norske bedrifter inn i andre land sine fregattbyggeprogram.

I eit slik perspektiv ruvar Hunt sitt anslag om 50 amerikanske fregattar størst, men også Frankrike, Tyskland og Storbritannia lokkar med sine fregattprogram - og vil gjerne har Noreg inn i dei.

Norske styresmakter og industri vart fridd til frå dei andre store allierte frå scena på Verftskonferansen. 

  • Tyskland har planar og fem-seks nye fregattar (avhengig av endeleg politisk godkjenning, red. anm.). 
  • Frankrike har eit pågåande byggeprogram på åtte fregattar, tre av dei for Hellas. 
  • Storbritannia har eit pågåande byggeprogram på 13 fregattar.

Publisert: 05.11.2024 14:53

Sist oppdatert: 05.11.2024 15:02

Mer om