Tore Roppen Sigbjørn Noredstrand Erna Solberg Prodtex foto Ogne
UTFORDRING: Tore Roppen (t.h) og Sigbjørn Nordstrand i Prodtex helsa statsminister Erna Solberg velkommen førre veke. Problemet dei tok opp skaper hovudbry også for EU. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Hengde bjella på katten

Kva er vitsen med å kutte CO2-utslepp i Noreg om det gir større utslepp ein annan stad?

27.06.2021

ANALYSE

Tore Roppen i industriselskapet Prodtex hengde bjella på katten då statsminister Erna Solberg vitja bedrifta søndag 20. juli:

Vilkåret for å helse ei auka norsk avgift på CO2-utslepp velkomen må vere at det blir lagt ei tilsvarande avgift på CO2-utslepp på importerte varer, var bodskapen frå Roppen. Det hadde statsministeren forståing for, men satsar på at ei avgift eller ein toll knytt til CO2-utsleppa frå importerte varer skal bli utvikla og innført i samarbeid med EU, og ikkje vere ei særnorsk ordning.

Utfordringa for Roppen og Prodtex, som har spesialisert seg på automatisert brukonstruksjonsbygging på anlegget sitt i Vanylven, er selskapet skal konkurrere med produsentar frå heile verda.

Blir Prodtex eller leverandørane til Prodtex pålagt auka kostnadar knytt til CO2-utsleppa under produksjonen vil det stimulere til å redusere CO2-utsleppa. Men om tilsvarande kostnadar knytt til CO2 utslepp ikkje blir pålagt produkjson av stålkonstruksjonar i utlandet, til dømes i Kina, vil det vere konkurransevridane. Det vil vere konkurransevridande på ein slik måte at den norske avgift/kostnadsauken fører til utflytting av produksjon og ingen, eller til og med auka CO2-utslepp.

I mars i år vedtok EU-parlamentet ein resolusjon om ein CO2-utsleppstoll på importerte produkt, eller ein "carbon border adjustment mechanism" som det heiter i EU-politikarane si språkdrakt.

Eit framlegg frå EU-kommisjonen til korleis ein "carbon border adjustment mechanism" skal sjå ut skal vere like om hjørnet, ifølgje nettavisa Euractiv, som har spesialisert seg på å dekke EU-politikken.

Poenget er å unngå det som i ei pressemelding om resolusjonen blei kalla "karbon-lekkasje", nettopp det same som Tore Roppen i Prodtex vil unngå - at selskap i utlandet utkonkurrerer heimleg industri fordi utanlandske produsentar slepp CO2-avgift.

Det er produsentar i land som ikkje har like høge ambisjonar når det gjeld CO2-utslepp EU-parlamentarikarane er ute etter.

Tollen skal vere med og presse resten av verda inn på den vegen som EU vil gå, slik at den globale oppvarminga som EU-politikarane fryktar auka CO2-utslepp skal føre til blir unngått.

EU-parlamentarikarane er nøye med å understreke at CO2-tollen ikkje skal vere eit proteksjonistisk tiltak som stenger utanlandske konkurrentar ute frå EU, men vere strengt knytta til storleiken på CO2-utsleppa.

Det gjenstår å sjå om aktørane som blir pålagt den mogleg CO2-tollen på varene dei vil selje til EU utan vidare har tillit til at det er snakk om ein toll som objektivt fastsett og berre knytt til CO2-utsleppa.

Det må vere lov å tvile på det. Berre det å avgjere korleis kor store utslepp som er knytt til kvart produkt opnar for omfattande diskusjonar.

Den kinesiske presidenten Xi Jinping åtvara i april den franske presidenten Emmanuel Macron og forbundskanslar Angela Merkel i Tyskland mot å innføre ein CO2-toll, ifølgje nettavisa Euractiv.

- Å takle klimendringar er eit felles ansvar ... og bør ikkje bli eit forhandlingskort i internasjonale forhandlingar eller bli bruk som utpressing mot andre land eller til å innføre handelsbarrierer, blei Xi Jinping sitert på.

Han er heller ikkje den einaste til å protestere, både frå Afrika, andre asiastiske land, Brasil og USA har det kome bekymra signal.

Ein Reuters-artikkel frå 2019 listar to opp hindringane ein CO2-toll kan møte; ei mogleg konflikt med regelverket i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) om like vilkår, eller problem for eksport ut av EU.

Problemet med WTO regelverket kan omgåast ved at CO2-toll på importerte varer blir kombinerte med ei tilsvarande avgift på CO2-utslepp (eller andre tiltak for å gjere det dyrare å sleppe ut CO2) for produsentar i EU.

Då blir det like vilkår.

Men biverknaden er at varer produsert i EU blir dyrare utanfor EU, og i eksportmarknaden er det ikkje EU som kan diktere vilkåra.

I og med at Noreg har same politikk som EU, og vil auke kostnaden med å sleppe ut CO2 framover, risikerer også norske eksportbedrifter få ei ekstra utfordring i den internasjonale konkurransen.

Publisert: 27.06.2021 06:00

Sist oppdatert: 29.06.2021 07:43