Tore Roppen Sigbjørn Noredstrand Erna Solberg Prodtex foto Ogne
VIL HA LIKE VILKÅR: Tore Roppen (t.h) og Sigbjørn Nordstrand i Protex ønskjer statsminister Erna Solberg velkommen, og hadde eit ønskje til ho. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Helsar auka CO2-avgift velkomen, på eitt vilkår

Ei høg norsk CO2-avgift er ein fordel for norsk industriproduksjon, så sant importerte varer blir pålagt dei same kostnadane.

20.06.2021

Det var bodskapen frå utviklingsdirektør Tore Roppen då statsminister Erna Solberg (H) var på rundreise på Sunnmøre i dag, og mellom anna besøkte industriselskapet Prodtex i Ulsteinvik.

Selskapet har spesialisert seg på brubygging med stålkonstruksjonar som blir sveisa med industrirobotar - betre, billegare og meir miljøvennlig enn tradisjonell manuell sveising, ifølgje selskapet.

Prodtex har mellom anna vore med og utvikla korleis den planlagde brua over Bjørnefjorden sør for Bergen kan byggast, og kunne presentere for statsministeren ein rosande video av metoden, som Statens Vegvesen har laga.

Like vilkår
Å auke avgifta for CO2-utslepp vil favorisere moderne produksjon, produsert nær der produkta skal brukast. Når den i tillegg kan basert seg på fornybar kraft, som i Noreg, blir miljøpåverknaden ytterlegare redusert.

Men vilkåret for at Roppen helsar avgiftsauken velkomen er at det blir lagt ei avgift på - i Prodtex sitt tilfelle - CO2-utsleppa for konstruksjonar bygd i utlandet. Blir det likt så «er det uttruleg bra», sa han til statsministeren.

Samarbeid med EU
– Dette er noko EU no jobbar med, og det ligg ein del i den grøne pakken, og vi må ha same reglar som resten av Europa. Så vi følgjer veldig nøye med på kva dei gjer, men vi er jo einige i at ein kan ha for eksempel ein eller anna form for tollskisse, seier statsminister Erna Solberg tiL NETT NO.

Men korleis varer produsert i utlandet eventuelt skal påleggast ei avgift knytta til CO2-utslepp er ikkje klart.

– EU er ikkje kome langt nok med dette enno, seier Solberg.

Ønskjer Noreg å gå åleine, og innføre det?

– Det trur eg er vanskeleg, eg trur ein må prøve ei felles (løysing, red. merk), .. fordi det vil vere veldig byråkratisk å finne ut av det. Men i offentlege anbod så kan vi stille dei krava, og det er fullt mogleg, seier Solberg.

Erna Solberg Lisa Leinebø Pinheiro Leinebris Eros statsministerbesøk juni 2021 foto Ogne
STATSMINISTER-TV: Statsminister Erna Solberg legg ut eigne filminnslag på sosiale media. Her filmar ho fish&chips servert av Lisa Leinebø Pinheiro frå linebåtreiarlaget Leinebris under besøket i Herøy i dag. Foto: Ogne Øyehaug

Fish and chips
Besøkte hos Prodtex var ein del av eit besøk som starta med markering av byggestart av nytt sjukehus på Hjelset ved Molde på laurdag. Laurdag var det og partiarrangement i Molde og Ålesund

Søndag var det markering av Røde Kors sin sommarberedskap i Ålesund,, besøk hos Prodtex og møte med næringslivet i Herøy - før statsministerem avslutta med besøk hos Høgskulen i Volda.

Første post i Herøy var omvisning ombord i fiskebåten Eros, med Per Magne Eggesbø og Leinebris-reiarlaget som vertar, der Solberg fekk smaksprøver på fish & chips og mest ros; for handelsavtalen som sikrar at fiskeeksporten til Storbritannia kan halde fram som før brexit og for å ha vore standhaftig i forhandlingane med britane om fordeling av markrellkvoten.

Solberg møtte og mellom andre Per Sævik i Havila Holding og Stine Elisabeth Goksøyr frå kjoleselskapet Ko&Ko i Havila Holding-hovudkvarteret.

Då peika Sævik mellom anna på at fjerning av formuesskatten er eitt mål Solberg-regjeringa ikkje har nådd,, heller ikkje då den hadde fleirtal i Stortinget.

Ha gjerne formuesskatt når midlar blir tatt ut til privat forbruk, argumenterte Sævik, men slik den fungere i dag, tappar formuesskatten selskap for midlar som kunne blitt bruk i selskapa.

Publisert: 20.06.2021 18:48

Sist oppdatert: 16.07.2021 12:15

Mer om