Ingen fest aa vere aaleine
MINNE: Bygginga av cruiseskipet "The World" tidleg på 2000-talet tok nesten knekken på skipsverftet på Fosen, men selskapet held seg på beina heilt til i år. Her er skipet i hamn i Aalborg i Danmark. 
Analyser

Ingen fest å vere åleine

Forsto Magnus Stangeland kva han kjøpte då Bergen Group tok over skipsverftet på Fosenhalvøya?

18.10.2015
ANALYSEMedan verfta på Nordvestlandet har konkurrentar, reiarar, utstyrsleverandørar og skipsdesignarar rundt seg på alle kantar, er det er karrigare miljø rundt skipsverftet på Fosenhalvøya.Likevel slo Bergen Group - med eks-stortingsmann Magnus Stangeland i spissen - til og kjøpte verftet i 2008, som ein del av ein plan for å bli ein stor norsk aktør både innan skipsbygging og offshoreverft. No er verftet hamna i skifteretten og det er lite att av satsinga. I alle fall for skipsverftet for Fosen, kan mangelen på miljø vere ein viktig del av årsaka.Mangel på alternative arbeidsplassar har medverka til at Fosen-verftet har hatt ein arbeidsstokk som ikkje forsvann som dogg for sola når verftet meinte det var naudsynt å permittere. Det er ein fordel. Men mangelen på alternativ gjer det truleg vanskelegare å rekruttere, og spesielt folk med høgare utdanning og lang erfaring. Eit fattigare miljø betyr også færre impulsar. Det er ei ulempe som truleg er langt større enn fordelen av å ha ein stor stabil arbeidsstokk. Tek du jobb i skipsbyggingsindustrien på Nordvestlandet har du mange alternativ om den jobben du har ikkje vart slik du tenkte, eller selskapet må kutte i arbeidstokken. Likeeins er det for bedriftene, her er det fleire miljø og bedrifter å hente flinke folk frå.På Fosen er det enten eller. Det går an å tenke seg at du kan vere ein del av ei pulserande klynge, som den maritime bransjen på Nordvestlandet, utan å vere fysisk plasserte der. Men i praksis er det ikkje like enkelt, mellom anna fordi du må flytte eller blir vekependlar om du vil skifte jobb. Det blir også færre av dei uformelle møta som oppstår når du har resten av aktørane like rundt deg.Det er uråd å svare på om andre hadde fått betre sving på skipsverftet på Fosen enn Bergen Group gjorde. Tidleg på 2000-talet held verftet på å knekke ryggen på bygginga av cruiseskipet "The World", men hangla seg vidare etter gjeldsforhandlingar i 2002. Då Bergen Group tok over i 2008 blei det satsa på offshorefarty, (dei første kontraktene var på plass før Bergen Group tok over), medan verftet før hadde satsa på cruiseferger og liknande farty.Det er mange døme på at verft som er spesialistar og leverer gode resultat på å bygge ein type farty, ikkje lukkast med nye og heilt ukjende farty. No er verftet på Fosen blitt eit nytt eksempel. Frå 2011 og fram til konkursen denne veka har det vore store minusresultat kvart år, nesten 800 millionar kroner til saman.Men fasiten er i alle fall klar. Bergen Group blei aldri ein ny stor aktør i norsk skipsbygging. Fosensatsinga slo feil. Skipsbyggingsverksemda i Bergen Group vart skild ut i eit eige konsern i 2013, Noryards, med ukrainske Konstantin Zjevago som medeigar.I fjor tok han over heile Noryards, og Bergen Group sa heilt farvel til skipsbygging. No er også Zjevago nesten ute. Etter konkursen på Fosen er det berre på Nordvestlandet det er større verft att.Kan hende burde nordvestlandske verft gå saman og ta over konkursbuet, om ikkje anna for å blokkere for ein ny konkurrent.Men i dagens marknad er det lite truleg at nokon set i gang eit nytt nybyggingsverft på Fosen. Og om den ukrainske eigaren skulle ha brukt konkursen for å kvitte seg med gjeld, og forsøkjer seg med eit comeback, vil han truleg få store vanskar med å overtyde kundar om at eit verft han eig er det beste verftet å plassere nye ordrar hos. Det mest sannsynlege utfallet er at det blir opna eit reparasjons- og vedlikehaldsverft på Fosen, med ein organisasjon som er langt mindre enn dei rundt 70 som var tilsett før konkursen.Det utgjer i så fall ein mindre konkurrent for nybyggingsverfta i nordvest, og blir ein aktør på line med ei rekkje slike reparasjons- og vedlikehaldsverft langs kysten.Meir enn nokon gong før, er skipsbygging ei nordvestlandsk affære.Det er ein triumf for klynga, men gjer den også meir sårbar. No blir det færre politikarar enn nokon sinne, som har veljarar i skipsbyggingsindustrien å tenkje på.

Publisert: 18.10.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59