Oslo Børs Foto Marius Rosbach 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Kraftig fall i markedet

Dårleg nytt fra USA råka breitt. Sjekk børstabell for Nordvestlandet.

Marius Rosbach
17.10.2025

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Hovudindeksen på Oslo børs fall kraftig då handelen starta fredag. Ved 11-30-tida var indeksen ned 2,16 prosent. Også oljeprisen gjekk ned og blei handla til 60 dollar fatet midt på dagen.

I løpet av dagen hente indeksen seg inn att, og enda med eit fall på 1,26 prosent til 1623,18 poeng. Det er framleis 13,9 prosent over nivået ved starten av året. 

10 av 13 børsnoterte selskap frå Nordvestlandet var i minus midt på dagen - og enda også veka i minus. 

Børsfallet kom etter nedgang på amerikanske børsar torsdag kveld. Det skjedde etter dårleg nytt frå amerikanske regionale bankar sin eksponering mot det som blir omtala som «dårlege lån». 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,20 3,23 %
Atlantic Sapphirekr                   7,60 -3,47 %
Endúrkr                87,80 -2,44 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                17,90 -0,56 %
Hav Groupkr                   6,32 -1,25 %
Havila Kystrutenkr                   1,26 0,80 %
Havila Shippingkr                   1,19 -5,20 %
Hexagon Compositeskr                   9,83 -3,25 %
Hexagon Puruskr                   2,15 -4,02 %
Hofseth Biocarekr                   2,03 -1,93 %
Tinde Sparebankkr              119,00 0,00 %
Salmon Evolutionkr                   5,18 -0,58 %
Sparebanken Mørekr              106,00 -1,85 %
   

Publisert: 17.10.2025 11:34

Sist oppdatert: 17.10.2025 16:56