Ingen grenser
GØY: Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen under opninga av Hjartåberg-tunellen på Kvivsvegen i 2014. Slikt er gøy og jubelskapande. Kutt i pengebruken er ei tyngre affære.
Analyser

Ingen grenser

Har vi eit samfunn som berre kan bruke gasspedalen?

11.10.2015

ANALYSE


Reaksjonen på statsbudsjettet frå interessegrupper av alle slag gjer det vanskeleg å tru at vi er i stand til å takle ein verkleg tøff nedtur i økonomien, i alle fall før det er full krise.
-, sa sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre då statsbudsjettet kom denne veka. Det blir for hardt trykk på gasspedalen i det lange løp, meiner han.
Til statsbudsjettet høyrer det til ein del tradisjonar. Ein av dei er at alle interessegrupper og organisasjonar er på tå hev for å lese, fordøye og kommentere kva statsbudsjettet har å bety for deira medlemmer - jo kjappare jo betre. Her får ikkje Furre gjennomslag, det ikkje snakk om å sjå det store biletet, det er serieproduksjon av smalsyn som gjeld.
Det er ingen grunn til å bli fortørna over handlemåten, interesseorganisasjonane er der for å ta vare på medlemane sine interesser. Men om summen av alt er bra kan diskuterast. Har du høyrt om ein interesseorganisasjon som foreslår at den, eller medlemane den representerer, skal bli mindre tilgodesett gjennom statsbudsjettet?
Tverti i mot. Det generelle ropet er på meir pengar. Her er eit eksempel:
". Vi oppfordrer alle våre støttespillere til å protestere mot avgjørelsen

,

" sto det på nettsida til dyrevernorganisasjonen NOAH etter at statsbudsjettet var lagt fram.
VG grip fatt i saka, og intervjuar NOAH-leiar Siri Martinsen.
.
Martinsen argumenterer med at mangelen på pengar er eit demokratisk problem.
Det begynner å bli ganske pinlig. Det er liten tvil om at NOAH fyller en viktig rolle i debatten. Dermed blir det absurd bevisst å utelukke denne organisasjonen fra støtten som svært mange andre organisasjoner kan ta som en selvfølge, seier Martinsen.
Denne artikkelen handlar ikkje om NOAH fortener å kome på statsbudsjettet eller ei. Men NOAHs kommentar viser kva slags mekanismer som er i sving.
Martinsen kan vise til at bakgrunnen for støtta til organisasjonar gjer det logisk at også NOAH bør får pengar. Dessutan er det urimeleg at andre, og kanskje konkurrerande organisasjonar får støtte. Det er berre ein veg ut, også NOAH må få pengar.
Problemet er at dess fleire som får, dess fleire vil meine at også dei bør få. Kvar er stemmene som spør om ikkje færre bør få? Det ville fjerne den konkurransen som oppstår av at ikkje alle får, og dessutan spare skattebetalarane for pengar.
Velferdsstaten står og fell neppe på om det blir løyvd pengar til friviljuge organisasjonar. Men mekanismen er den same over heile fjøla. Alle vil ha meir, og det er alltid gode grunnar for det.
Så lenge vi hadde stigande oljeinntekter hadde vi råd til å auke den offentlege pengebruken. Men auken har uansett ei bakside. Offentleg finansierte arbeidsplassar er ikkje direkte utsett for konkurranse frå utlandet. Det er ikkje dei som først blir ramma om kostnadsnivået stig raskare her heime enn hos konkurrentane ute. Dess fleire dei blir, dess større innverknad har dei på kostnadsnivået i resten av samfunnet.
Dessutan, om det viser seg at oljeprisen ikkje stig til 100 dollar fatet på ny blir det mindre oljepengar å bruke, om ein ikkje vil tære på sjølve oljefondet, og ikkje berre bruke av avkastinga.
Når to parti som ideologisk skal vere skeptisk til sterk vekst i offentleg pengebruk køyrer på, kven skal då bremse? Det komande statsbudsjettet er langt på veg sett opp for å dempe skadeverknadane som oljeprisfallet har utløyst. Men tvilar du ikkje litt på evna til å prioritere hardare om det trengst? Det er trass alt gøyare å opne ein ny veg, enn å kutte i godt innarbeidde løyvingar over statsbudsjettet.
Men det er ikkje lett å vere politikar heller. Det er alltid nokon som er misnøgd.
Når Regjeringa foreslår å kutte skattesatsane så møter det motstand frå to hald:
For det første frå deler av opposisjonen på Stortinget, som meiner pengane heller bør brukast av stat og kommunar, til alt frå velferd til vegbygging. Det er ein logisk kritikk, og ei sak for veljarane å avgjere kven dei vil støtte.
Det pussige er at også Skattebetalerforeningen - av alle - er bekymra over at personskattesatsen blir redusert. Det er greit at bedriftsskatten blir lavare, men personskatten? Det klassiske grepet når skattesatsen skal reduserast er å utvide skattegrunnlaget for å sleppe store inntektstap for staten. Det skjer også no. Kort sagt blir det fleire som må betale den nye lågare satsen. Ein annan effekt er at rentefrådraget blir mindre. Dess høgare skattesats, dess meir vinn du på å kunne trekkje frå gjeldsrenter, og omvendt.
seier fagsjef Rolf Lothe på nettsida til Skattebetalerforeningen.
Huttetu.

Publisert: 11.10.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59