Klimadebatten blir hardare
STRID OG KIV: Statsminister Erna Solberg må truleg bu seg på meir strid om klimatiltaka framover.
Analyser

Klimadebatten blir hardare

Når til og med miljøstiftinga Zero vil ha ned avgiftene på flyreiser blir det interessant å sjå kva reaksjonane blir etterkvart som prisen for ytterlegare reduksjonar i CO2-utslepp kjem på bordet.

23.02.2020

ANALYSE


Det såkalla "grøne skiftet" er ikkje gratis. Det har Nordvestlandet og resten av kysten nordover fått demonstrert klart og tydeleg den siste tida, med auka ferjeprisar og færre kortbaneruter.
Først avfeia statsrådane, med statsministeren i spissen, protestane mot dyrare ferjer som eit fylkeskommunepolitikar-skapt problem. Så slo regjeringa i alle fall verbalt litt retrett - og neste veke er det opa høyring om ferjesaka i Stortinget. Det ser ikkje ut til at det er nokon politisk gevinst å hente på den opphavleg steile lina frå regjeringa si side.
Miljøpartiet de grønne, den fremste pådrivaren for å få CO2-utsleppa ned, for å elektrifisere ferjene.
Det heile kan ende med at staten dekker ein større del av kostnadane. For ferjefylka er det fint - fordi kostnadane då blir delt på mange fleire.
No er miljøstiftinga Zero, som har spesialisert seg å få ned CO2-utslepp . Det er eit overraskande kjenslevart svar frå ein slik kant, på politiske reaksjonar mot rutenedleggingane til Widerøe. Ein av grunnane til avgiftsauken er nettopp å få ned flytrafikken. For å redusere CO2-utsleppa.

Rutenedleggingane som Widerøe har varsla har ikkje blitt godt mottatt. Flyselskapet kan gni seg i hendene over at reaksjonane først og fremst har retta seg mot avgiftene på flyreiser, og ikkje mot selskapet. Gevinsten kan bli generelt reduserte avgifter, eller ei omlegging som i det minste reduserer avgiftene på flyreiser på kortbanenettet. I så fall bør det skrivast inn i læreboka for vellukka politiske arbeid, frå Widerøe si side.
Ingen kjempar for å oppretthalde CO2-utslepp. Det er kostnadsauke og redusert flytrafikktilbod som har utløyst reaksjonane.
Det responsen på reaksjonane - frå Miljøpartiet de grønne (MDG) og miljøstiftinga Zero som døme - truleg fortel om er ei uro for at tiltak for å redusere CO2-utslepp kan kome i vanry. Kjem tiltaka i vanry blir det også tyngre å innføre nye tiltak.
Regjeringa har . Vonde tunger vil kanskje seie at det er ein ide å nå dei gamle måla først, men regjeringa ser i alle fall ambisiøs ut.
Miljødirektoratet, som er ein etat under Klima og miljødepartementet, la nyleg fram ein rapport med ei omfattande liste over tiltak for å reduserer CO2-utslepp i Noreg med høyringsfrist 30. april.
Blant tiltaka er redusert produksjon og forbruk av raudt kjøt. I følgje rapporten vil det sannsynlegvis bety ei betydeleg avvikling av gardsbruk i område der det ikkje er tilhøve for å produsere korn, frukt og grønnsaker.
At det ligg politisk sprengstoff i eit slik framlegg er nokså klart. Vil bonden stemme på dei partia som vedtek tiltak som gjer at ho eller han må legge ned? Neppe.
Er det stemmer å sanke for partia som held fast på dagens modell for finansiering av ferjereiser og flyreiseavgifter? Neppe.
Og korleis vil folk i oljebransjen vurdere politiske partia dersom dei ser at å sette ein dato for avvikling av næringa faktisk kan bli sett ut i livet?
Debatten om tiltak for å redusere CO2-utslepp med mål om å redusere komande klimaendringa blir gjerne skulda for å vere hard, og prega at motstandarane går i skyttargravene.
Så langt har det vore råd å dempe motsetnadane ved å spre kostnadane og ulempene jamt ut over. Den metoden kan sikkert brukast i ferje- og flyreisesaka og, men kostnadane/ulempene forsvinn ikkje - og vil etterkvart måtte merkast hos kvar og ein.
Ålesund er eit døme, der bystyrefleirtalet vil kutte CO2-utsleppa opp mot 70 prosent innan 2030. Det krev at all vegtransport må skje med batteri- eller hydrogenbilar, i tillegg til at forbrenningsanlegget blir utsleppsfritt og skipsfarten med dagens skip blir begrensa.

Debatten om klimatiltak kjem truleg difor til å bli både meir omfattande, og enda hardare framover.

Publisert: 23.02.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59