Salmalaks i butikk foto Ogne
SLUTT: Salmalaksen nådde eit nytt publikum då den kom i 2006 og fekk nordmenn til å servere rå fisk på heimebane, men no er det slutt. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Ny ripe i lakken for regjeringa

Eit flaggskip i norsk fiskeindustri legg inn årane.

15.12.2024

ANALYSE

Med reinskorne beinfrie stykke av av dei finaste delane av oppdrettslaksen fekk oppdrettskonsernet Bremnes Seashore velfortent ros då Salma-laksen kom på marknaden i 2006.

Slik skulle norsk foredlingsindustri styrke stillinga og hjelpe norsk sjømat til å ta større deler av den norsk matvaremarknaden.

Denne veka varsla Bremnes Seashore at produksjonen blir lagt ned, etter fleire år med store underskot. Omlag 100 tilsette i Bømlo i Sunnhordland blir råka. Ei elendig melding å få rett før jul.

Endra marknadssituasjon og dyrtid som gjer at færre kjøper dei relativt dyre Salmalaks-produkta, forklarar Bremnes Seashore nedlegginga med i pressemeldinga si, men legg også til: "Det hadde heller ikkje vore til ulempe om styresmaktene hadde lagt betre til rette for norsk eigarskap og foredling i Noreg, mellom anna ved å unngå auka skattar og ved å styrka rammevilkåra for foredling."

Nedleggingsvarslet har fått debatten om vilkåra for oppdrettsbransjen og fiskeindustrien til å blusse kraftig opp.

Høgre har som mange andre - medrekna Bremnes Seashore - peika på at rammevilkår og skatt er ein medverkande grunn til avvikling av Salma-produksjon og at 100 tilsette nå misser arbeidet, skriv Høgre sin fiskeripolitiske talsmann, Olve Grotle, i eit innlegg i avisa Ilaks.

Erlend Grimstad (Sp), statssekretær for finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), avviser kritikken i eit intervju med den same avisa.

«Her viser Høyre nok en gang sin manglende forståelse av saken. Grunnrenteskatten på havbruk skattlegger den særlig høye avkastningen i sjøfasen av oppdrettsproduksjonen», seier han.

Grotle og Grimstad sin argumentasjon viser kor grunnleggande ulik tenkinga om dette spørsmålet er. Kven sin tenkemåte som vinn fram i opinionen, gjenstår å sjå. Kanskje er det Grimstad og hans kollegaer i regjeringa som har den største utfordringa - i alle fall lags kysten frå Rogaland og nordover.

Regjeringa hadde hatt sterkare kort på handa dersom den hadde vore like kjapp med andre tiltak og politiske avklaringar som den var då den lanserte den såkalla grunnrenteskatten på oppdrett i september 2022.

Den har har peika på sjømatnæringa som ei av næringane som skal få vere med i programmet Hele Norge Eksporterer, men det spørs om det er der bransjen kjenner skoen trykker.

Havbruksmeldinga kjem først neste år, i det fjerde året til dagens regjering. Då er valkampen til neste storting i gang. Meldinga skal mellom anna svare på korleis regjeringa vil regulerer eventuell vekst og kva regelverk den vi ha for å gi løyve til nye oppdrettsanlegg. Kjekt å vite om du skal investerer, men regjeringa har førebels ikkje avklaringa klar. 

-Det dei har levert til havbruksnæringa er skatt, meir skatt, seier stortingsrepresentant Alfred Bjørlo frå Venstre.

Han har stilt eit skriftleg spørsmål til fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss etter at Bremnes Seashore melde om nedlegginga denne veka.

Kva konkrete tiltak har regjeringa sett i verk for å tilrettelegge for økt bearbeiding av laks og ørret i Norge etter at regjeringa våren 2023 fekk pålegg frå Stortinget om å legge fram slike tiltak i løpet av våren 2024, spør Bjørlo.

Han viser også til at regjeringa enno ikkje har kome med eit framlegg til regelverk som skal stimulere til utvikling av teknologi som reduserer miljøpåverknaden frå oppdrettsanlegg i sjø.

Det skulle kome i løpet av 2024 sa fiskeriministeren til Nett No i september i år

Det er enno nokre dagar att av året.

Publisert: 15.12.2024 05:00

Sist oppdatert: 20.12.2024 11:39

Mer om