
Kjem snart med etterspurt ordning for oppdrett
Regjeringa må kome med ei konverteringsordning som «verkeleg monnar», meiner Gath-styreleiar.
Førre veke kom fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss med ein lovnad om å legge fram eit forslag til ny miljøteknologiordning for oppdrettsbransjen i løpet av året.
Det kom fram i Ap-statsråden sitt svar på eit spørsmål i Stortinget frå Venstre-politikar Alfred Bjørlo.
Bransjen har etterlyst ei slik ordning i fleire år. I mellomtida har statsrådar med ansvar for feltet kome og gått, utan at eit forslag har kome på bordet.
Vil legge fram forslag i løpet året
I vår vedtok Stortinget at regjeringa skulle kome med eit forslag om ei slik miljøteknologiordning innan 2024. Bjørlo ville mellom anna vite om regjeringa var i rute til at ei slik ordning ville vere ferdig og klar til å bli teke i bruk i løpet av 2024.
Svaret frå Næss var at regjeringa vil legge fram eit forslag i løpet av 2024. Eit framlegg på bordet tett før årsskiftet vil bety at ordninga ikkje vil vere i bruk før godt ut i 2025.
– Dette arbeidet har høg prioritet i departementet, forsikra fiskeriministeren.
Les også
Vil ha ei «tydeleg og sterk» ordning
Styreleiar Per Helge Devold i Gath – eit nettverk av leverandørar til oppdrettsbransjen – ser fram til at ordninga endeleg kjem på bordet.
– Vi har venta på dette i fire år. Eg håpar at regjeringa forstår at Norge no er nøydd til å ta grep, seier han.
Bransjen har samla seg om eit forslag om å bytte éin konsesjon for oppdrett i sjø, med tre konsesjonar innunder miljøteknologiordninga.
– Regjeringa må komme med ei ordning som verkeleg monnar. Det må kome tiltak som gjer at det blir faktisk bevegelse med overgang til ny teknologi. Gjennomgangstonen i bransjen er eit ønske om ei tydeleg og sterk konverteringsordning, seier Devold.
Inntektssvikt for leverandørane
I fleire år har det vore tilgjengelege slike løysingar for lukka oppdrett, men desse er langt dyrare enn vanlege merdar. Bestillingane har difor latt vente på seg, medan oppdrettarane har venta på nye reglar.
Ein rekke leverandørar har opplevd kraftig inntektssvikt etter at lakseskatten blei lagt på bordet. At nye reglar for landbasert oppdrett frå regjeringa også har latt vente seg, har forverra situasjonen.
Ein Menon Economics-rapport som blei lagt fram på Gath-konferansen førre veke, viste at bransjen har krympa på Nordvestlandet dei siste åra.
– Mykje av veksten skjer no i utlandet, legg Devold til og viser til prognoser som tilseier at Norge vil ha 60 prosent lågare vekst enn resten av verda.
Publisert: 09.09.2024 11:11
Sist oppdatert: 09.09.2024 12:31