Oljealderen over toppen
SNART TOPPEN?: Betydninga av elektriske bilar kan bli stor for oljebransjen, trur Statoilsjef Eldar Sætre. Her blir han intervjua av NRK under investorkonferansen Børs og Bacalao i vinter.
Analyser

Oljealderen over toppen?

Spår Statoil-sjef Eldar Sætre rett er oljealderen svært nær toppen, for godt.

23.10.2016
Begrepet "peak oil" nådde i 2011 ein førebels topp i norsk presse. Då blei begrepet brukt 83 gangar i følgje avisarkiv-tenesten Retriver. I fjor blei begrepet brukt 13 gongar, og så langt i år sju gangar.
"Peak oil" har alltid blitt brukt i samband med spådomar om når vi når toppen av oljeproduksjonen, altså det punktet der vi ikkje greier å finne nok nye ressursar til å erstatte den oljen vi får opp av bakken eller havbotnen.
Den minkande bruken av begrepet i norsk presse illustrerer berre dalande bekymringa for at oljeproduksjonen på verdsbasis snart har nådd toppen.
Historisk har det vist seg at pessimistiske spådommar er gjort til skamme, og med gjennombrotet for skiferoljeproduksjon er "peak oil" i den vanlege betydninga av begrepet flytta ytterlegare fram i tid.
Men det Eldar Sætre sa i eit innlegg på den årlege konferansen "Oil and Money" i London denne veka kan gi "peak oil" ei ny betyding, der ein ikkje lenger snakkar om ein topp i tilbodet, men ein topp i etterspørselen.
Allereie i 2020-åra trur Sætre oljeetterspørselen kan nå toppen, , etterkvart som elektriske bilar erstattar bilar som går på bensin og diesel.
- Då vil vi ha ein krympande oljeindustri, la han til.
På den same konferansen tok toppsjefen i Exxon til orde for ei internasjonal avgift på CO2-utslepp, ei avgift som vil gjere mellom anna olje dyrare for brukarane - og dermed bremse etterspørselen.
Mark Carney, som er toppsjef i den britiske sentralbanken, blir sitert i den same artikkelen på ha åtvara investorar i oljebransjen om at dei risikerer store tap på søksmål basert på at investeringane er skadlege for klimaet, og at store reservar av olje, gass og kol kan bli umogleg å ta opp.
Truleg kan desse utsegnene lesast med ein dose kynisme. Det kostar ingenting å uttrykke omtanke for at olje-og gassbruk kan skade klimaet, men det er først når det blir handling at det får økonomisk betydning.
Det er når Statoil snur seg mot batteriteknologi, hydrogenproduksjon, vind- og solkraftproduksjon og tonar ned satsing på olje- og gass at dagens underleverandørar får eit utfordring.
Men signala for Oil and Money-konferansen bør ikkje ignorerast. Ei endring startar gjerne med prat, så blir det planlegging og deretter blir det handling. Den som bur seg no på at det Sætre sa i London tidlegare denne veka ikkje vart tom retorikk, men faktisk kan få handfast betydning, vil vere langt betre rusta om omlegginga faktisk skjer enn den som ventar og ser.
Transport står for over 50 prosent av oljeforbruket. Det er verdt å minne om at dagens låge oljepris ikkje skuldast at det blei pøst olje uhorvlege mengder olje ut i marknaden. Det handlar om ein produksjonsauke frå 93 millionar fat om dagen i andre kvartal 2014 til 97 millionar fat i fjerde kvartal 2015. Det er ein auke på 4,5 prosent, og det var meir enn nok til å meir enn halverer oljeprisen på eitt og eit halvt år. Litt for mykje av ein vare gir grunnlagt for eit stor prisfall, i alle fall for ein råvare som olje.
Sjølv om Sætre berre skulle få litt rett når det gjeld betydninga av elektriske bilar kan den vere nok til å gi store ringverknadar inn i oljebransjen.
Elektrisitet er også på veg inn i skipsfarten, og også der går det fort. Allereie då Brødrene Aa leverte sin nyskapande batteridrivne sightseeingbåt til Nærøyfjorden i sommar hadde batteriteknologien utvikla seg så kjapt at kapasiteten i batteri var blitt dobla, utan at de måtte ha meir plass.
Større batterikapasitet betyr større rekkevidde, og dess større rekkevidde, dess fleire typer skipsfart kan ta batteribasert drift i bruk.
Men er det slik at redusert etterspørsel etter olje til å drive bilar og skip også betyr mindre CO2 utslepp?
Ikkje nødvendigvis. Elektrisiteten må kome ein plass frå og kolfyrte kraftverk er ei viktig kjelde.
Men for alle som arbeider i oljebransjen er det ei mager trøst om verda framleis vil ha fossil energi, så lenge det ikkje er gass og olje det er snakk om.

Publisert: 23.10.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59