Arctic Algae Melissa Elliman Hogne Hallaraker Lik Theng Ho foto Marius
FÅR STØTTE: Dagleg leiar Hogne Hallaråker i Arctic Algae saman med utviklingsleiarane Melissa Elliman (t.v.) og Lik Theng Ho. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Milliontilskot til bioteknologiselskap

Ein av fleire bedrifter som får støtte. Skal utvikle vaksine til oppdrettsfisk.

Marius Rosbach
31.10.2025

Selskapet Arctic Algae er mellom dei som er sikra støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune i samband med satsinga «Grønt industriløft for blå næring».

Dei får 2,5 millionar kroner til arbeidet med å utvikle ei oral vaksine for oppdrettsfisk. 

Sintef Nordvest får same beløp til eit prosjekt i marin industri, medan Tjeldbergodden Utvikling får 2 millionar til algeproduksjon. 

Også Vard Design, Steinsvik Olivine, Runde Forsking, NTNU, Ulstein Design & Solutions får 600.000 kroner kvar til fem kvalifiseringsprosjekt, som skal hjelpe arbeidet vidare til neste fase, opplyser fylkeskommunen i ei melding

Publisert: 31.10.2025 12:42

Sist oppdatert: 31.10.2025 12:42

Mer om