Verftskonferansen avlyst
FULLT HUS: Den årlege Verftskonferansen i Ålesund samlar fullt hus, med deltakarar frå heile landet. Illustrasjonsfoto frå eit tidlegare arrangement.
Nytt

Forsvarsdepartementet kjem til verftskonferansen

Skal svare på spørsmål om konkurransen om å få bygge Forsvaret sine 28 standardiserte fartøy.

31.10.2025

Verftskonferansen-arrangøren Norsk Industri kasta seg rundt då regjeringa denne veka varsla at det blir konkurransen om å få bygge 28 standardiserte skip for Forsvaret. Besøk frå departementet er no inne som ein ekstra post på programmet.

Der skal representantar frå Forsvarsdepartementet orientere om konkurransen, og svare på spørsmål. I tillegg skal Ulstein, Vard, Westcon og Kongsberg kome med sine vurderingar og spørsmål 

Konferansen går over to dagar, tysdag 4. og onsdag 5. november. Programpostane om standardiserte fartøy er lagt til slutten av konferansen onsdag 5. november.

Både Kongsberg og Ulstein Verft har allereie kommentert konkurransen, og mellom anna peika på at det førebelse er uklart korleis konkurransen skal gjennomførast og kva krav som blir stilt til dei som vil vere med. 

Fullt hus
Verftskonferansen blir arrangert i Ålesund kvart år i starten av november og samlar folk frå heile maritim bransje og frå heile landet. Over 400 er påmeldt, og det er fullt hus seier Stål Heggelund, bransjesjef Maritim og Havbruksleverandørene i Norsk Industri.

I fjor handla mykje av konferansen om forsvar og opprusting, og spesielt bygging av fregattar. Militære leiarar eller representantar for forsvarsbedrifter i USA, Frankrike, Tyskland og Storbritannia var til stades på konkurransen for å fremme sine fregattar som alternativ for det norske forsvaret. I år fall valet på det britiske alternativet, og denne gangen er spenninga knytt til bygginga av 28 mindre fartøy, som det er bestemt skal byggast i Noreg.

Planene er at dei skal byggast slik at same type skip kan utrustast med ulike våpensystem og utstyr. Målet er og at fartøya skal bli eit eksportprodukt som også andre land vil velje.

Rekruttering og samarbeid
I tillegg til konkurransen om bygging av dei standardiserte fartøya omfattar konferanseprogrammet fire andre tema:
* Marknadsutsiktene og EU sin nye maritime strategi.
* Korleis auke konkurransevne gjennom betre samarbeid i bransjen.
* Kva som bremsar det grøne skiftet.
* Rekruttering

Les programmet til verftskonferansen her

Eigen rekrutteringskonferansen
Rekruttering er også tema i ein eigen konferanse i Ålesund mandag 3. november,  i regi av Vestlandsrådet, i samarbeid med Maritimt Forum Nordvest og Opplæringskontoret for tekniske fag Sunnmøre.

Den konferansen skal mellom anna belyse på kor mange folk maritime bedrifter treng framover, og korleis det blir arbeidd for å rekuttere dei. 

Les programmet her

Publisert: 31.10.2025 09:29

Sist oppdatert: 31.10.2025 09:29

Mer om