Oppdrettarane maa laere av pels og griseboender
DYREVERN: Først pelsdyroppdrett, no grisehald. Blir oppdrett neste næring som får søkelyset frå sterke dyreverninteresser mot seg?
Analyser

Oppdrettarane må lære av pels- og grisebønder

I fjor haust sa det brått og uventa pang for grisebøndene. Oppdrettarane må passe seg for å hamne i same situasjon.

03.06.2018
ANALYSE Tilstanden for dyra i norsk svineproduksjon var knapt eit tema før desember i fjor.Søkeorda "skadde" og "grisar" saman gav ein til tre treff i månaden i avisdatabasen Retriever. I desember var det 24 artiklar, og trykket var høgt både i januar og februar i år.I februar i år kalla landbruksminister Jon Georg Dale næringa inn på teppet, etter fleire inspeksjonsrapportar om dårleg dyrevelferd.- Bønder som driv så dårleg dyrevelferd har vi ikkje plass til i norsk jordbruk, sa Dale til avisa Nationen etter møtet.Dale har erfaring med advarslar om dyrevelferd i landbruket før, og måtte til slutt motvillig innsjå at pelsdyrnæringa i vinter fekk varsel om kroken på døra, som ein følgje av at peldyroppdrett-motstandard Venstre kom inn i regjering med Frp og Høgre. Motstanden mot pelsdyrnæringa vart krona med siger - og no er det grisehaldet som har fått søkelyset på seg.På fiskehelseselskapet Patogen sin årskonferanse denne veka brukte administerande direktør Jørn Ulheim nettopp det sterke søkelyset som brått vart retta mot grisebøndene som ein advarsel til oppdrettsnæringa.53 millionar laks døydde i merdane i fjor i følgje Fiskeidirektoratet. Det er ille i seg sjølv, men er og eit potensiell fare for omdømmet til oppdrettsnæringa, som trugar både sjansen til å rekruttere attraktiv arbeidskraft og sjansen til å få lov å vekse vidare i følgje Ulheim si vurdering.- At det døyr så mange fisk som det gjer er ein ikkje-akseptabel situasjon, sa Ulheim.Det same sa fiskeriminister Per Sandberg då han kalla næringa inn til møte 15. mai i år for å diskutere problemet og moglege løysingar. På møtet var representantar for Norske Sjømatbedrifters Landsforening, Sjømat Norge, Norsk Industri, Havforskingsinstituttet, Veterinærinstituttet, Mattilsynet og Fiskeridirektoratet.– Vi ser at dette ikkje er akseptabelt, sa ministeren og la til at at laksedøyinga står heilt øverst på dagsorden hos departementet nett no.Då bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Sjømat hadde sin årskonferansen i mars - i Ålesund - var Dyrevernallianse til stades som ein samarbeidspartnar. Namnet fortel kva Dyrevernalliansen driv med, og no vil den rett meir merksemd mot fiskevelferd .12. juni har det nystarta fiskehelseforumet AquaWelfare sitt første møte. Forumet er oppretta for å arbeide med fiskevelferd, og har mellom andre Susanne Lysbæk frå Dyrevernallianse som foredragshaldar.Dyrevernalliansen har blant anna arbeidd lenge mot pelsdyroppdrett og arbeider for å endre måte griseproduksjonen blir driven på. Det er altså ein organisasjon som har vist at den kan vere med på å få til politiske endringar det er snakk om.Slik introduserer den fiskesatsinga på nettsida si: "I Norge framavles og slaktes millioner av oppdrettsfisk hvert år. Fiskeoppdrett drives svært intensivt, med lite hensyn til enkeltindividene. Vanskapte, parasittbefengte, syke og stressede fisker er vanlig i norsk fiskeoppdrett. De kan ikke fremme sine egne krav. Derfor blir de ofte oversett. Du kan bidra til å endre dette."Fisk har neppe det same potensialet for medkjensle som storauga pelsdyr eller små grisungar. Då kan karakterisere ein laks eller torsk på mange vis, men nusseleg, søt og kosleg er neppe ord som kjem høgt opp på lista.Men det betyr ikkje at opinionen vil vere likegyldig til korleis oppdrettsfisk og villfisk blir behandla av oppdrettarar og fiskarar.Ulheim har rett i si vurdering. I tillegg til det økonomiske tapet som oppdrettsnæringa blir påført ved at mange laks aldri når slaktemoden storleik er det også eit spørsmål om omdømmet.

Publisert: 03.06.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59