Laks merd foto rudolf svendsen
HØG DØDELEGHEIT: 17 prosent, tilsvarande nesten éin av fem, oppdrettslaks døyr før slakting. Foto: Rudolf Svendsen
Kort fortalt

Vil gi strengare bøter for laksedød

Regjeringa er ikkje nøgd med at opptil 70 millionar vaksen fisk døyr før slakting.

28.10.2025

(NPK-NTB): 17 prosent av oppdrettsfiskar døyr før slakting. No vil regjeringa innføre økonomiske sanksjonar for å få ned dødstala.

Årsaka til den høge dødelegheita er sjukdommar, parasittar, stress og avlusing, skriv Klassekampen.

Styresmaktene meiner dødstalet er minst 70 millionar vaksen laks årleg, i tillegg til ei uviss mengde som døyr som yngel og smolt.

– Det er eit stort gap mellom lov og praksis. At minst 70 millionar vaksen laks døyr årleg, gjer at vi må spørje om næringa i det heile er liv laga, sa filosofiprofessor Espen Gamlund ved Universitetet i Bergen då Det Norske Videnskaps-Akademi var samla i Oslo førre veke.

Statssekretær Even Sagebakken (Ap) i Nærings- og fiskeridepartementet var tydeleg på at målet til styresmaktene er fem prosent døying, ikkje 15–20 prosent slik som i dag.

Han viste til den nye Havbruksmeldingen der det blir innført ei økonomisk avgift oppdrettaren må betale for kvar sjølvdød fisk og for kvar fisk som rømmer.

– Det blir strengare bøter for dei som bryt dyrevelferdsreglane, sa Sagebakken.

(©NPK)

Publisert: 28.10.2025 08:29

Sist oppdatert: 28.10.2025 08:29

Mer om