Paa tide aa tenke nytt i saman
KORONARAMMA: Møbel, reiseliv, sjømat og maritim industri er døme på næringar som møter utfordringar som følgje av koronapandemien. 
Analyser

På tide å tenke nytt – i saman

Viktige næringar for Nordvestlandet blir etter tur råka av koronakrisa. Det hastar meir enn nokon gong å få fleire bein å stå på – men bedriftene gjer ikkje jobben åleine.

Marius Rosbach
10.05.2020

ANALYSE:


Koronapandemien og konsekvensane av den har råka næringslivet på Nordvestlandet med full kraft. Regionen er med rette stolt av den høge eksportandelen i næringslivet, men byrda blir ekstra tung å bere i ei slik internasjonal økonomisk krise ein no er inne i. At mange kommunar einsidig er avhengige av desse enkeltnæringane, gjer at fleire .
Behovet for omstilling kjem tydeleg fram i ei bøn frå Møre og Romsdal fylkeskommune til Kommunal og moderniseringsdepartementet. Fylkeskommunen skriv at dei ikkje enno har full oversikt over korleis bortfallet av arbeidsplassar vil slå ut, men vil «tydeleg melde eit stort behov for omstillingsmidlar, både i 2020 og 2021». Ønske om ei tildeling på ti millionar i 2020 og det doble til neste år, er småpengar i den store samanhengen – men kan vere ei handsrekning i tillegg til jobben bedriftene sjølv må gjere.
Sjømat, reiseliv, møbel og reiseliv er alle viktige eksportnæringar på Sunnmøre og Nordfjord. Alle blir på ulikt vis ramma av forhold som ligg utanfor bedriftene sin kontroll. Mange i det private næringslivet kan nok vere misunnelege på tilsette i offentleg sektor i desse dagar, som slepp unna permitteringar og uro for om dei har jobb framover. Men på sikt er sektorane er heilt avhengige av kvarandre.
Som hotelldirektør Richard Grov : «Nedgangen i omsetning er tapte momsinntekter og andre avgifter for staten, og lønn for dei tilsette. Sånn sett er vi alle i same båt og alle har tapt». Meir om det seinare.
Reiselivet var dei første som fekk smake effektane av koronapandemien. Store delar av næringa låg an til eit svært godt år, men i løpet av få dagar blei situasjonen snudd på hovudet. Sjølv om samfunnet opnar opp att og mange nordmenn vil på ferie i eige land, er det ikkje mogleg å veie opp for dei mange utanlandske gjestane som blir heime. For augneblinken er det fleire ope spørsmål om framtida for næringa på lengre sikt. Vil talet på jobbreiser gå varig ned etter at fleire har oppdaga at det går heilt greitt å møtast digitalt? Og korleis vil bedrifter nytte seg av kurs- og konferansetilboda etter å ha oppdaga dei same digitale moglegheitene? Besøket av gjestar langvegsfrå i ei verd der lågt klimafotavtrykk blir stadig viktigare – er ei anna utfordring.
Då Møreforsking undersøkte konsekvensane av pandemien for eksportnæringane på oppdrag for Møre og Romsdal fylkeskommune, blei det peika på at ei omstilling frå den internasjonale marknaden, til nærmarknaden med ulike sesongar, kan gi reiselivsnæringa fleire bein å stå på. Eitt verkemiddel som allereie er sett i verk, er auka marknadsføring av reiselivet mot norske reisande, .
Den maritime industrien hadde nettopp lagt bak seg nokre tøffe år, då eit nytt oljeprisfall slo til i 2020 – og deretter koronakrisa. Ordreboka til verfta , og fleire fryktar det vil gå lang tid før det kjem inn nye oppdrag. Dei store lokomotiva slit tungt og får stadig større utfordringar med å balansere eigenkapital og gjeld. Også hos mange små og mellomstore utstyrsleverandørar er likviditeten kritisk, ifølge undersøkinga til Møreforsking. Allereie i fjor slo fast at banda i den maritime klynga var svekka etter overgangen til cruisemarknaden. No fryktar fleire av klynge forvitrar enno meir og at spisskompetanse forsvinn for godt.
I er svaret for kva som trengst i maritim industri eintydig: «Aktivitet er einaste løysing». Med cruisenæringa nede for teljing og framleis store utfordringar i oljeservice, er det få andre moglegheiter enn statleg draghjelp på kort sikt. er peika på, men det er også mogleg å auka insentiva for fornying av fiskeflåten og dei mange frakteskipa som går langs kysten. Det er stor spenning til kva signal som kjem på dette området i revidert statsbudsjett komande veke.
Norges Sjømatråd om den første nedgangen i sjømateksporten på halvanna år. Samla sett er likevel ikkje salet av fisk gått dramatisk mykje ned og optimismen er større enn i dei andre eksportnæringane. Sjømateksporten er samtidig dei som står for den klart største omsetnaden av dei råka næringane i Møre og Romsdal. Det er ei trøyst når ein ser på utfordringane hos dei andre bransjane. Tilbakemeldingane til Møreforsking frå sjømatnæringa er at tiltaka styresmaktene har sett i verk, er tråd med det som trengs. Men på sikt er det mellom anna ønske om statlege tiltak for å betre likviditet og heve kompetansen.
Møbelindustrien i regionen er også heilt avhengige av større marknader enn Norge kan by på. Talet på permitterte i Ekornes gjer at Sykkylven i fleire høve har vore , men også små bedrifter er ramma. I rapporten frå Møreforsking om konsekvensane av koronakrisa blir det også peika på at auka proteksjonisme er ein betydeleg trussel for møbelindustrien.
I Sykkylven er dei allereie i som denne veka fekk fylkeskommunal støtte til å sette i gong. Her skal ein sette seg mål, peike på nye satsingsområde og kome opp med ein handlingsplan som viser moglegheiter og utfordringar.
Sykkylven Stål-direktør Karl Inge Rekdal er ein av dei som bidreg i arbeidet og hadde fredag eit innlegg via nett i regi av Sykkylven Næringsutvikling. Her ga han råd om korleis bedrifter kan møte krisa. Til NETT NO påpeiker også han at det ikkje er ei motsetning mellom offentleg og privat sektor. Dei har felles skjebne og er avhengige av kvarandre, seier han. «Det er arbeidsplassane som er nasjonalformuen vår», legg han til.
Fleire meiner næringslivet på Nordvestlandet har vore for avhengige av utviklinga i olje- og gassindustrien. Så lenge ingen andre næringar kan by på tilsvarande lønnsemd for så mange, er det ikkje rart at det har vore føretrekt. Men nedgangen for olje vil kome og det er verdt å merke seg at Rystad Energy nyleg stilte spørsmål ved om 2019 kan ha vore toppåret for etterspørsel etter olje internasjonalt. Rekdal meiner oljekutt må skje i takt med kva ein klarer å skape av arbeidsplassar i andre næringar og då er igjen det offentlege ein viktig aktør. Norge har økonomiske musklar som gjer at ein overgang til lågare utslepp, samtidig kan skape ny aktivitet.
Karl Inge Rekdal , som har vore med å lage eit vegkart for næringslivet i regi av NHO. I samband med arbeidet kom SINTEF i fjor med ein rapport som . Rekdal fortel at koronapandemien gjer at ein må tenke nytt om heile vegkartet, men at ein del framleis er likt.
Bedriftsleiaren meiner sjølvsagt at næringslivet må gjere sin del av jobben - men trekk mellom anna fram treffsikker støtte til forsking og utvikling, kamp for framleis frihandel, og motkonjunkturtiltak tilpassa behovet i bedriftene - som viktige tiltak. Og i botnen ligg trepartssamarbeidet mellom arbeidstakarar, arbeidsgjevarar og staten.

Publisert: 10.05.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59