Analyser
Regjeringa kan få fart på fiskebåtbygginga
I løpet av veka har norske fiskebåtreiarlag varsla bygging av minst fem fiskebåtar. Regjeringa kan hjelpe til at det blir fleire.
03.04.2016
ANALYSEDei fem fartya som er varsla er i kjømda utgjer fort oppdrag for over ein milliard kroner for verft og utstyrsleverandørar, etter NETT NO sitt anslag. Det er kjærkomne pengar for bedrifter på jakt etter oppdag som skal fylle ordrebøkene etter offshore-boomen.Det er ikkje så rart at Vard-sjef Roy Reite opna dørene då fiskebåtreiar Tore Roaldsnes på Valderøya ville presentere sitt nye prosjekt, den ombygde trålaren "Molnes" denne veka.Reite fekk rigga til scena og gjort om kantina i det nye kontorbygget i Ålesund til konferanselokale før han ønskte gjestane hjarteleg velkomne og overlet podiet til Roaldsnes.Det er Vard-verftet i Søvika som har bygd om båten, og saman med fleire utstyrsleverandørar gjorde "Molnes" om til eit farty som driv meir energiøkonomisk, kan ta vare på restråstoffet, levandelagre fisken før den blir bedøvd, slakta den på same vis som i eit lakseslakteri og levere med ein høgare kvalitet enn ein tradisjonell trålar. Til høgare pris.For Reite og andre verftsdirektørar er det truleg meir å hente i fiskebåtmarknaden nett no enn hos offshorereiarlaga, som i mange år forsynte verfta med store oppdrag.Tore Roaldsnes, som trudde han hadde invitert rundt 30 personar til treffet, hadde meir enn nok med å registrere alle som ville vere med. Då han gjekk å podiet var det rundt 90 personer frå fiskeri- og finansbransjen innom dørene, pluss presse.Oppmøtet må ha vore eit oppløftande teikn også for Reite, og eit klart signal om at det er investeringsinteresse i fiskerbransjen.Roaldsnes sjølv gjorde det klart at han vil investere meir. I beste fall kan det blir henta inn bod på to nybygg i løpet av året. Den største, ein fabrikktrålar på rundt 70 meter, vonar Roaldsnes det er råd å få bygd for rundt 350 millionar kroner på norske verft.Og Roaldsnes er ikkje åleine.Charisma Fish i Vågsøy har seld "Charisma Fish" til Grønland. Prisen er truleg rundt 90 millionar kroner for den 26 år gamle autlinebåten. Med dei pengane i lomma er planen å bygge nytt.Carisma Fish eigde tidlegare to autolinebåtar fram til Carisma Star blei seld til Island sommaren 2013. Etter det har søsterskipet Carisma Viking hatt dobbelt opp med kvotar å fiske. Når også den no blir seld, sit eigarane igjen med seks kvotar.- Vi jobbar med ulike alternativ, men målet er å føre kvotane over på eit nybygg vi har teke mål av oss til å kontrahere. Prisen vi får har sett oss i posisjon til å bygge nytt, sa dagleg leier Arild Aarvik til NETT NO tidlegare denne veka.I 2011 tinga Ervik Havfiske . No skal reiarlaget ha to nye.Selskapet stadfestar til FiskeribladetFiskaren at oppdraget er ute på anbod, og målet er å kutte kostnadar ved å tinge to like båtar samstundes.Fem fiskebåtkontrakter, som førebels berre er fem mogleg kontrakter, er ikkje nok til å fylle stadig tommare ordrebøker hos verfta, men det er eit godt teikn. Om regjeringa vil gi ei hjelpande hand til verfts- og utstyrsindustrien nett no så er kan hende berre mindre stimuleringa nok til å få fiskebåtreiarar til å bestemme seg for å satse. Tommare ordrebøker og ein gunstig valutasituasjon gjer at norske verft har langt større sjansar til å vinne desse oppdraga enn for berre få år sidan.Fiske er lønsamt om dagen, og no er det ikkje lenger berre ringnotreiarane som tener gode pengar.Eitt tiltak, som i alle fall vil få Roaldsnes eit langt steg nærare til å tinge båt, er på få på plass regelverket som gir han og fleire andre lov til å byggje fabrikktrålarar. Roaldsnes har ønskt seg ein fabrikktrålar lenge, og har bestemt at båten han vonar på få bygd til rundt 350 millionar kroner skal vere ein fabrikktrålar. Dei politiske signala frå regjeringane er klare og i Roaldsnes sin favør, men vedtaka må fattast før Roaldsnes handlar. Eitt anna tiltak er å sikre at det offentlege virkemiddelapparatet kan støtte opp. Det er blitt tøffare å få finansiering i bankane, og Roaldsnes meiner det er avgjerande at det offentlege virkemiddelapparatet, som Enova og Innovasjon Noreg, kan bidra. Det er rom for det innanfor dei ordningane som er, men det kan vere god hjelp med klare politiske signal om korleis pengane skal brukast.Eit tredje tiltak for å få fart på fiskebåtreiarane sin byggevilje er større høve til å samle kvotar på færre farty, færre reguleringar og eit fiskeripolitisk forlik som skaper tryggleik rundt rammevilkåra. Men på det punktet . Ei samling om endringar kan kome, men neppe så raskt at det vil får fart på byggelysta i år.
Publisert: 03.04.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59