– Arbeidarpartiet har slutta å bry seg om heile Noreg, seier finanspolitisk talsperson Gram i Senterpartiet, som truar med å ikkje forhandla budsjett.
Bjørn Arild Gram omtalar budsjettet som eit «budsjett for sentralisering og skulenedleggingar». Han seier vidare at budsjettet er «dårleg for alle lokalsamfunn som treng sterkare barnehagar, skular og eldreomsorg» og for næringslivet.
– Budsjettet er eit målretta angrep på Distrikts-Noreg. Me har hatt eit felles prosjekt om å jamna ut sosiale og geografiske forskjellar. Det går Ap no diverre bort frå, seier Gram.
Les også: Alt om statsbudsjettet
Vil vurdere om dei skal forhandle
Sp sin forhandlingsleiar peikar mellom anna på at regjeringa går inn for å kutta ordninga med sletting av studiegjeld, og at han meiner det blir løyvd for lite til barnehagar, skular og helse.
– Ei ordning som skal sikra næringslivet tilgang på arbeidskraft over heile Noreg, og som Ap og Jonas Gahr Støre sjølv dreiv valkamp på. Dette er uhaldbart, seier Gram.
– Me må vurdera om me i det heile skal setja oss til forhandlingsbordet med stillinga 0–2 i disfavør av tenester nært folk, næringslivet og alle som har hatt med studiegjeldsletting i rekneskapen når dei har pakka flyttelasset eller teke opp lån, seier han vidare.
Vedum: – Høgrepolitikk
– Arbeidarpartiet og Høgre er tydelegvis mest einige, så då får Arbeidarpartiet gå til Høgre først, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum oppskaka til NRK.
Han meiner statsbudsjettet vil gi distriktsskutt på alle område, slik Høgre var oppteke av i valkampen.
– Viss Arbeidarpartiet trur at dei kan leggje fram eit budsjettforslag der dei aukar avgiftene på drivstoff, aukar gjødselavgiftene, kuttar gratis ferje, kuttar nedskriving av studielån, sultefôrar kommunane, og få Senterpartiet til å stemme for det, då tek dei feil.
– Arbeidarpartiet må kome med eit nytt initiativ. Det er ikkje nokon grunn for oss til å gå til forhandlingsbordet med dette initiativet, seier Vedum.
Les også: Alt om statsbudsjettet
Publisert: 15.10.2025 11:56
Sist oppdatert: 15.10.2025 12:35






