ANALYSE
Høgskulen i Volda har mislukkast i å handtere strid i toppleiinga. Skulen skyt seg sjølv i foten.
Det er ikkje sikkert ei intern konflikt spelar så stor rolle for rekruttering korkje av leiarar, andre tilsette eller studentar på kort sikt. Men det kan umogleg vere eit pluss. Dess lengre tid konflikten varer, dess større blir truleg dei langsiktige skadeverknadane, men i Volda ser ikkje det ut til å bli lagt så stor vekt på.
I nordvestlandsk målestokk er Høgskulen i Volda ei relativt stor bedrift, som sysselsette 354 årsverk og hadde 445 millionar kroner inntekter i 2023. Alt blei brukt opp og meire til, for resultatet vart minus 56 millionar kroner ifølgje 2023-rekneskapen.
Mykje av pengane blir liggande att i lokalsamfunnet, som løn til dei tilsette og som kjøp av varer og tenester.
Saman med sjukehuset er høgskulen ein av dei største arbeidsgivarane i Volda kommune, der offentleg sektor er viktigare for sysselsettinga enn gjennomsnittskommunen på Nordvestlandet.
For resten av Nordvestlandet er det truleg lærarutdanninga i Volda som har størst betydning. Lærarutdanning i regionen gjer det lettare for skulane på Nordvestlandet å rekruttere nye lærarar. Skulen utdannar óg mellom anna folk til barnevern og offentleg sakshandsaming og planlegging.
I fleire tiår har Høgskulen i Volda vore ei vekstbedrift, og bemanninga auka også i 2023.
Det som heng over skulen - og heile utdanningssektoren - er ei folketalsutvikling der ungdomskulla ikkje veks, og heller krympar. Det slår først ut i etterspørselen etter plassar i barnehage og grunnskule, og når etterkvart inn i høgare utdanning.
I tillegg kjem svingingar i populariteten til ulike studiar. Nett no er den ikkje i Volda sin favør når det gjeld den viktige lærarutdanninga. Høgskulen i Volda hadde plass til 340 studentar som utdanna seg til å jobbe i barnehage og grunnskulen i skuleåret 2024/2025. Berre 169 møtte til skulestart.
Det gjer at Volda si rolle som rekrutteringskjelde for lærarar på Nordvestlandet blir svekka.
Tidlegare forsking- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe sette ein støkk i akademikarbransjen med sine klare signal om at sektoren for høgare utdanning måtte innstille seg på å prioritere strengare. Han forsvann ut av regjeringa, men neppe vurderingane han gjorde.
Alt dette er faktorar Høgskulen i Volda har liten innverknad på. Den må tilpasse seg - om den vil eller ei. Då er internt bråk eit minus.
I år har høgskulen fått godt med medieomtale for striden i toppleiinga, der styret i vår vedtok å seie opp direktør Ann Kristin Emblem.
Ho på si side meinte oppseiinga ikkje var gyldig, og klaga til departementet.
Etter å ha bedt Høgskulen møte to gongar for å utdjupe bakgrunn og årsak til oppseiinga, konkluderte departementet med at oppseiinga var ugyldig.
I staden for å skjere gjennom og få den interne konflikta ut av verda, har styret si handsaming medverka til å gjere konflikta djupare og hardare.
Det høyrer med at over 170 tilsette - mange med akademiske titlar - sende brev om at dei støtta oppseiinga. Dei venta ikkje til departementet hadde sagt sitt, slik at dei kunne ta det med i vurderinga før dei signerte, men signerte på brevet like før departementet konkluderte.
170 er mange, men færre enn halvparten.
Kva er signalet? Ein splitta utdanning- og forskingsinstitusjon, som mellom anna held departementet i arbeid med å ordne opp i konfliktar skulen burde greidd å ordne opp i sjølv.
Høgskulen i Volda har ein såkalla toleiarmodell, med tilsett administrerande direktør (Ann Kristin Emblem) og vald rektor (Odd Helge Mjellem Tonheim). Rektor er for ordens skuld også styreleiar.
At rektor og direktør ikkje er heilt på bølgjelengde kjem meir enn tydeleg fram i granskningsrapporten som Høgskulen i Volda bestilte frå advokatfirmaet Judicia i Ålesund.
Den kom etter at ein førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda 12. desember i fjor leverte eit såkalla varsel mot direktøren med tittelen «Forsøk på å stanse og sabotere forskning». Ut frå framstillinga i rapporten ser det ut som om denne hendinga utløyste ein prosess fram til oppseiinga av direktøren.
Her er ei lenke til rapporten, så kan du som lesar sjølv vurdere om dette handlar om ei sak der partane heller søkjer og forsterkar konflikt, i staden for å handtere usemje og søkje kompromiss og forståing.
Rekninga for rapporten? 488.885 kroner, medrekna moms. Var den verdt det? Skapte den avklaring og ro? Det ser ikkje slik ut.
Høgskulen i Volda har sett seg sjølv i ein situasjon som kan ende med at departementet tek styringa, slik avisa Khrono skreiv i november. Det kan endre både styreordning og samansetting av styret.
Skulen har også sett seg i ein situasjon som svekkjar den når konkurransen om studentar og overføringar hardnar til. Det er ikkje lurt.
Publisert: 08.12.2024 05:00
Sist oppdatert: 12.12.2024 17:20