Makro og valutastrateg Sara Midtgaard i Nordea ombordfryst 2026 foto ogne
ÅLESUND: Under Ombordfryst-konferansen i Ålesund nyleg, fortalde senior makro- og valutastrateg Sara Midtgaard i Nordea at banken ventar ei betydeleg sterkare krone framover. Den viktigste årsaka er at Norges Bank frå januar starta å kjøpe store mengder kroner. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Storbank spår trendskifte for kronekursen

Mange kroner små, utgjer store skilnader for ein rekke bransjar og di eiga lommebok. Få er så utsett som fiskeriet.

Marius Rosbach
18.01.2026

Analyse: Utviklinga i kronekursen slår direkte inn i rekneskapane til dei fleste bedrifter som på ein eller anna måte handlar med utlandet.  Dei fleste av oss vil merkar det óg i eiga lommebok. 

Etter ei vedvarande svekking i over ti år, spår Nordea omsider at den norske krona vil styrke seg betydeleg framover. Medan valutakursane kan svinge over kort tid, venter storbanken no ei meir varig styrking av krona. 

Det var bodskapen frå senior makro- og valutastrateg Sara Midtgaard i Nordea under Ombordfryst-konferansen i Ålesund nyleg. 

Bakgrunnen for spådommen er enkelt forklart eit skifte i valutastrømmane – eller «flow-en» - som er uttrykket Midtgaard brukar. 

– Vi kan faktisk få en ganske mye sterkere krone i 2026 når vi ser på det totale «flowbilde», sa hun under konferansen i Ålesund.

Utviklinga i valutakursane er eit komplisert og samansett bilde, og blir påverka av ein rekke faktorar. Uansett er det noko dei flest av oss merkar i lommeboka. 

At krona styrker seg betyr at pengane til nordmenn flest blir meir verdt samanlikna med andre valutaer som euro og dollar. Det betyr at vi får meir for pengane om vi handlar i utlandet, og utlendingane får mindre for sine pengar når dei handlar med oss.      

Mannen i gata merkar gjerne svingingar i kronekursen ved at vi får meir, eller mindre att for pengane våre når vi er på ferie i utlandet. 

Etter ei lang periode der feriepengane har blitt stadig mindre verdt i utlandet - fordi krona er blitt svakare – ligg det an til at dei blir meir verdt – om Nordea får rett i sine spådommar. 

For reiselivsbransjen her heime er styrka krone dårleg nytt. Det vil truleg påverke besøket frå utanlandske turistar. Etter fleire år med aukande besøk, vil utlendingane vere nøyd til å betale meir for opplevingane på Norges-turen, målt i eigen valuta. 

Den maritime industrien er ein anna viktig bransje på Nordvestlandet, som blir påverka av kronekursen.  Dei kjøper varer til produksjonen frå utlandet, og blir difor nøydt til å betale meir for stålet til båtane sine.

Restaurantbransjen blir også påverka. For to år sidan skreiv Nett No om valutaeffekt på menyen for restauranten Zuuma i Ålesund: Medan dei som selte fisken fekk betre betalt, måtte restauranten betale meir. 

Med ei sterkare krone, vil trenden snu – og restauranten får redusert kostnadene til innkjøp. 

Hos Frislid Konfeksjon vil også ei sterkare krone bli teke vel imot. Da vil innkjøpsbudsjettet til Nordfjordbedrifta bli redusert tilsvarande, som kan gi rom for auka prisar ut til kunden. 

Uansett om ein forstår samanhengane eller ikkje, følgde nok mange av dei i salen spent med på Midtgaard sitt bodskap under Ombordfryst-konferansen

Få bransjar blir påverka så direkte – og på så ulike måtar – som fiskeriet. 

Som hovudregel er ei svak krone ein fordel for dei som sel varer ut av Norge. Årsaka er at kjøparane i utlandet må betale meir i sin eigen valuta for det same produktet. 

Det har til eksempel gjort at ein lakseeksportør tidvis har fått over 12 kroner for kvar euro dei har selt fisk for. Det er også mykje av forklaringa til at norsk sjømat har sett stadig nye eksportrekordar – i kroneverdi - dei siste åra. 

Om Nordea får rett i sin spådom vil bilde bli motsett, og dei som sel fisk til utlandet vil få mindre betalt. Banken peiker ikkje konkret på kor mykje dei meiner krona vil styrke seg i løpet av 2026. 

Men før den siste kronesvekkinga frå midten av 2022, var kursen mot euroen kring 10 kroner. Om krona vil styrke seg til tilsvarande nivå, vil det bety at ein eksportør får heile 20 prosent mindre betalt for den same fisken – alt anna likt, som økonomane gjerne påpeiker. 

Ifølgje sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea, vil ei slik kronestyrking raskt forplante seg oppstraums i verdikjeda og føre til at prisen til fiskarane vil falle. 

For klippfisk- og saltfiskprodusentar, gir utsiktene til ei sterkare krone ekstra uro. Bransjen har store sesongvariasjonar i innkjøp av råstoff, som gjer dei utsett for endringar i valutaen. 

Typisk blir innkjøpa av råstoffet gjort i første kvartal, medan mykje av salet av ferdigvarer skjer i tredje og fjerde kvartal. 

Om det skjer ei styrking i krona i løpet av denne perioden, vil verdien av varelageret med klippfisk blir redusert – og produsentane få mindre betalt. 

Dei som driv med fersk fisk er mindre utsett for slike svingingar, fordi det er kortare tid mellom kjøp og sal. 

For fiskeindustrien vil konkurransekrafta bli svekka samanlikna med konkurrentane i utlandet, og ein får gjerne ei omlegging mot meir foredling av fisken i utlandet. 

Samtidig vil ei sterkare krone gjere det meir attraktivt for utlendingar å kome til Norge for å jobbe i fiskeindustrien, fordi lønna frå Norge rekk lengre i deira lokale valuta. 

Sild er eit fiskeslag som er i ein spesiell situasjon ved at den både går vanlege forbrukarar og til fiskemjøl og -olje. Medan euro er den viktigaste valutaen i forbrukarmarknaden, er dollar mest viktig når det kjem til fiskemjøl og -olje. 

Om til eksempel euroen styrker seg mot dollaren, kan det føre til at ein større del av silda går til forbrukarane i staden for til industrien. 

Store skilnader i utviklinga av kronekursen mot euro og dollar, kan også påverke fleire marknader. Om den amerikanske dollaren blir betydeleg svekka mot euroen, vil prisauken for forbrukarane i USA bli større enn i Europa – og mindre av fisken bli selt til den marknaden. 

Om du her falle av til no, kan det vere eit fattig trøyst at du truleg kan gjere lite med konsekvensane. 

Publisert: 18.01.2026 05:00

Sist oppdatert: 07.05.2026 10:21

Mer om