Store sprang mot utsleppsfri skipsfart
750 KILOMETER: Dette er eitt av to frakteskip for kystfart som Wilhelmsen vil ha bygd. Dei skal vere klare i 2024, skal ha hydrogen  som drivstoff og ha 750 kilometers rekkevidde.
Analyser

Store sprang mot utsleppsfri skipsfart

Skip som kan gå 750 kilometer på ein tank med hydrogen, er eit stort sprang for utsleppsfri skipsfart. Neste steg kan bli enda større.

20.12.2020

ANALYSE


Denne veka melde statsforetaket Enova at
Bak prosjektet står reiarlaget Wilhelmsen, i samarbeid med .
Målet er å ha to skip klare i 2024, som skal gå i rute med frakt mellom oljebasane frå Kristiansund i nord til Stavanger i sør. Drivstoffet skal vere hydrogen, der utsleppa berre er reint vatn, i kombinasjon med batteri.
Ein av båtane er ein del av eit større EU-støtta prosjekt - HyShip - , som omfattar hydrogenproduksjon på Mongstad og eit distribusjonsystem for hydrogen.
Målet for Topeka-prosjektet er å utvikle skip i den såkalla nærskipsfarten, som i Noreg betyr innanlandstrafikken, og i Europa også kysttrafikk mellom fleire land. Lukkast prosjektet er utsleppsfri nærskipsfart innan rekkevidde.
Hydrogen er korkje tilgjengleg i stort monn i dag, eller har eit distribusjonsapparat på plass som gjer det råd å få tak i. Difor omfattar HyShip-prosjektet også utvikling av hydrogenproduksjon og -distribusjon.
Hydrogen kan lagast ved elektrolyse, å spalte vatn (H2O) i hydrogen og oksygen ved å køyre straum gjennom. (Om bruk av hydrogen skal gi meining som eit tiltak for å redusere utslepp av CO2 frå forbrenning av diesel og naturgass må hydrogenet kome frå å spalte vatn og straumen kome frå vasskraft, sol-, vind eller atomkraft og ikkje kol- eller gasskraftverk).
For å få energi ut av hydrogen blir spaltingsprosessen køyrt i revers. Hydrogen og oksygen smeltar saman i ei såkalla brenselcelle. Det frigjer energi, som produserer elektrisk kraft, som driv motorane.
For lengre distansar, mellom Noreg og Europa og over verdshava er amoniakk - som består av eitt nitrogenatom og tre hydrogenatom (NH3) er betre alternativ. NCE Martime Cleantech har eit prosjekt også for bruk av amoniakk som drivstoff, der offshorereiarlaget Eidesvik har som mål å installere ei brenselcelle som brukar ammoniakk som energikjelde ombord i offshorebåten Viking Energy i 2023.
Fordelen med ammoniakk, til skilnad frå hydrogen, er at det er lett tilgjengleg og i nedkjølt og flytande form er ei energikjelde med mykje energi i høve til volumet. Og ikkje minst har det potensiale til å bli tatt i bruk som drivstoff i tradisjonelle forbrenningsmotorar, fortel Hege Økland, leiar for NCE Maritime Cleantech.
Korleis og kva tilpasningar som må til i tradisjonelle motorar for å bruke ammoniakk blir det arbeidd med. Suksess i det arbeidet opnar for ei langt raskare omlegging til ein utsleppsfri skipsfart enn bruk av hydrogen, fordi reiarane då kan bruke eksisterande skip og motorar og slepp å investerer i nybygg eller kostbare ombyggingar for å gå over til utsleppsfritt drivstoff.
Ulempen med amoniakk er at hydrogenet som i dag blir brukt for å produsere ammoniakk blir produsert av naturgass - altså ei fossil energikjelde. Skal ammoniakk bli rekna som ei utsleppsfri energikjelde må hydrogenet lagast av å spalte vatn basert på atom-, vass-, sol eller vindkraft. Ei ulempe er og at energi går tapt i kvar prosess der den blir flytta frå eit lagringsmedium til eit annet, først frå elektrisitet til hydrogen, så frå hydrogen til ammoniakk. Batteri er best, men rekkevidda begrensar kor lang distansar batteridrift kan brukast på.
Dennne veka varsla Forskningsrådet også at Flakk Gruppen og Brødrene Aa, saman med fleire samarbeidspartnar får 11,8 millionar kroner i støtte for å utvikle ein bil- og passasjerfraktande katamaran med hydrogen som drivstoff. Eit farty som for eksempel vil kunne trafikkere strekninga Geiranger-Hellesylt. Målet er at katamaranen skal vere ferdig i 2023.

Den som uansett bør gni seg i hendene over alt dette er Knut Flakk i Flakk Gruppen. Ikkje berre over støtta til å utvikle eit hydrogendrive fartøy, men aller mest over den auka interessa rundt hydrogen generelt. Flakk og familien eig over 16 prosent av aksjane i Hexagon Composites, som eig 75 prosent i børsnykomaren Hexagon Purus. Dei lagar drivstofftankar og -system for hydrogen, og vart fredag verdsett til 8,8 milliardar kroner på børsen.
Med dagens politiske vindar er det ingen tvil om at NCE Maritime Cleantech - og satsinga der har vinden i ryggen.
"En stor anerkjennelse av arbeidet som gjøres i et maritimt industrimiljø som bobler av initiativ, innovasjon og framtidstro når det gjelder å utvikle lav- og nullutslippsløsninger", sa olje og energiminister .
Klynga fekk ni nye medlemar i desember og er no oppe i 134, som er på line med klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime i Ålesund.

Publisert: 20.12.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 22:00