I løpet av dei siste åra har Ishavsmuseet Aarvak hatt ein kraftig vekst i talet på cruiseturistar som kjem på besøk.
Nøkkelen har vore å sikre seg avtaler direkte med ein rekke cruisereiarlag, som blir henta på kaia i Ålesund med ishavsskuta Polarstar.
– I fjor var første året med slike avtaler og vi hadde 18-20 turar. I år tok det litt meir av, og det vart 30 turar, fortel dagleg leiar Webjørn Landmark til Nett No.
– Då har vi frakta nær 1000 cruisepassasjerar frå Ålesund til Brandal for omvising på museet. Det gjer at vi setter ny besøksrekord for sommarmånadene, legg han til.
Neste år ligg talet på turar med cruiseturistar an til å gjere eit nytt hopp, og Landmark fortel at det allereie er booka 48 turar.

Overtok restaurert ishavsskuta
Museet overtok ishavsskuta Polarstar i 2022, som gjennom fleire år hadde vorte restaurert etter alle kunstens reglar.
Landmark fortel at målet i første rekke var å ta vare på skuta for komande generasjonar.
– Samtidig var det ein kongstanke at Polarstar skulle vere ei forlenga arm for formidling ved museet, både ved å segle her i området og langs kysten elles, fortel han.
Med den eksplosive auken i turar med cruiseturistane har Ishavsmuseet sikra seg eit ekstra bein å stå på i drifta.
– Det tilfører museet mykje ekstra turistar, og samtidig gir det midlar til Veteranskutelaget og drifta av Polarstar, seier han.
Spent på dei første cruiseanløpa til Hareid
Landmark fortel at museet ser fram til at Hareid neste år skal ta i mot sitt første eige cruiseanløp.
I juni er det venta at MS Artania legg til kai med opptil 1200 passasjerar.
– Vi er veldig spente og håpar at vi skal få alle saman innom her, seier Landmark.
Onsdag er alle næringsdrivande i Hareid invitert til Millennum-bygget for å høyre meir om korleis det er mogleg å gjere lokal verdiskaping ut av desse besøka.
– Er fantastisk positive
I tillegg til at det «monnar» godt med 30-40 cruiseturistar som kjem i samla flokk, fortel museumssjefen at dei generelt er trivelege gjestar.
– Cruiseturistane er fantastisk positive og uttruleg kjekke å vere på tur med. Alt er «amazing», og til og med pumpelukta frå ei gamal skute, er flotte saker, seier Landmark.
Dei har også mange besøkande som kjem på organiserte bussturar, i tillegg til individuelle gjestar.
Samla har Ishavsmuseet Aarvak eit årleg besøk på kring 10.000 gjestar.

Har fleire inntektskjelder
Inntektene til museet kjem både frå billettsal og ulike arrangement, med og utan servering.
– Vi har også mykje utleige av lokala, til alt frå julebord og ulike lag, til barnedåp og minnestund, seier Landmark.
Museumssjefen fortel at økonomien er grei, men at dei er avhengige av offentlege tilskot for å ha drifta på det nivået dei ønsker.
– Dei siste åra har vi fått kring ein million i året, og i år fekk vi ein million ekstra i revidert budsjett. Det gjer at drifta går greitt, men vi er avhengig av meir støtte om vi skal kome over alt vi bør av arkivering, digitalisering og formidling, legg han til.
Plussresultat fire av dei fem siste åra
Rekneskapane viser at inntektene til Ishavsmuseet Aarvak i fleire år svinga mellom to og tre millionar. Sidan 2020 har omsetninga vore på kring fire millionar, med eit toppår i 2021 med 4,9 millionar kroner.
Resultatet før skatt har vore i pluss i fire av dei fem siste åra, og eigenkapitalen til selskapet var ved utløpet av fjoråret på drygt 3,4 millionar.
Med ein månads drift att av 2025, er det for tidleg å opplyse om omsetning og resultat for året, opplyser Landmark.
Retting: I den første versjonen av denne artikkelen skreiv vi at det eksklusive cruiseskipet World Voyager med 200 passasjerar kom i vinter. Det stemmer ikkje. Anløpet var planlagd i juni - men avlyst. Feilen blei retta onsdag 3. desember kl. 13.34
Publisert: 02.12.2025 14:48
Sist oppdatert: 03.12.2025 13:35






