Toeffare loensforhandlingar i vente
AUKA ETTERSPØRSEL: Frå NAV si jobbmesse på Color Line Stadion vinteren 2017. Då messa vart arranger i fjor vinter stilte Vard på messa for første gang sidan nedturen etter oljeprisfallet. Det siste året er det folk med bakgrunn frå industriarbeid, ingeniøryrke og IKT som har hatt den største nedgangen i arbeidsløysa.
Analyser

Tøffare lønsforhandlingar i vente

Fallet i arbeidsløysa flatar ut. Lønsforhandlingane blir tøffare.

03.02.2019

ANALYSE


I januar 2016 var det registrert 4720 heilt arbeidsledige i Møre og Romsdal. Det var 33 prosent fleire enn året før.
I januar 2018 var det redusert til 3943 personar. No er talet på heilt ledige er nede i 3521.
Det utgjer 2,6 prosent av den registrerte arbeidsstyrke og er likt med landsgjennomsnittet, slik det var gjennom store deler av 2018. Arbeidsløysa fall gjennom storparten av 2018, men den fall ikkje like raskt som i 2017.
Det står att at også kommunane på ytre søre Sunnmøre kjem ned mot fylkesgjennomsnittet, men når det skjer vil mykje av arbeidskraftreserven som registrerte arbeidslause utgjer vere oppbrukt.

Det er ikkje alle som er arbeidslause som kan gå inn i alle jobbar, og det at færre er utan jobb tilseier at bedrifter på jakt etter folk finn færre kandidatar blant dei arbeidslause.
Dermed må dei lokke til seg folk som alt er i jobb, og det er oppskrifta på lønnsvekst.
Før oljeprisfallet i 2014 hadde Møre og Romsdal lågare arbeidsløyse enn landsgjennomsnittet, som ellers i fylka sørover langs kysten. Oljeprisfallet snudde opp ned på det.
Men no peikar altså pilene oppover att og har gjort det ei stund.
Bedriftene som før kutta etterlyser lærlingar.

36 prosent av bedriftene i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har så mykje å gjere at dei har fått kapasitetsproblem. For tre år sidan svarte berre ni prosent det same. Det viser den siste rapporten frå Noregs Bank sitt regionale nettverk, som blei lagt fram i desember 2018.
Det eit godt stykke opp til toppen frå rett før finanskrisa i 2008/2009, då over 80 prosent av bedriftene svarte at dei i større eller mindre grad hadde kapasitetvanskar.
Rundt årsskiftet 2012/2013 svarte over 60 prosent det same, og deretter fall talet på bedrifter som sa dei hadde meir enn nok å gjere ned til under ti prosent i 2015. Men no har det altså snudd.

Større etterspørsel etter arbeidskraft vil slå ut i lokale lønsoppgjer, spår sjefanalytikar Erik Bruce i Nordea Markets Nordea Economic Outlook nr 1/2019:
"Med økende etterspørsel etter arbeidskraft vil de lokale lønnstilleggene skyte fart. Selv om LO og NHO skulle lykkes i å holde igjen i de sentrale lønnsoppgjørene, regner vi derfor med at lønnsveksten i år ender opp noe over tre prosent. Lønnsveksten kan tilta ytterligere noe i 2020. Økende lønnsomhet spesielt i oljerelaterte næringer tilsier også høyere lønnsvekst.
Det blir 3,3 prosent lønnsvekst i år og 3,7 prosent neste år, spår Bruce og kollegaene.


Utflatinga i fallet i arbeidsløysa tyder på at Bruce får rett.
I førre opptur, kunne bedriftene lett få tak i folk frå aust- og mellom-europeiske EU-land. Spesielt bygg- og anlegg og verftsindustrien såg mot aust.
Rundt 1500 EU-borgarar flytta frå Møre og Romsdal då bedriftene skar ned på bemanninga etter oljeprisfallet, har NAV tidlegare anslått. Utan den flyttinga hadde arbeidsløysestatistikken sett verre ut.
No kan ikkje næringslivet lenger rekne med denne arbeidskraftreserven, i alle fall ikkje i same grad som før.
Betre tider i Polen og Baltikum har gitt både fleire og betre jobbar på heimebane, i tillegg til at konkurransen om arbeidskrafta frå bedrifter i andre vestlege land har blitt tøffare. Det sa Magne Gurskevik til NETT NO i november i fjor. Han styreleiar i Maritim forening Søre Sunnmøre og dagleg leiar i Kleven sitt rekrutteringsselskap Kleven Maritime Contracting.

- Folk i Polen og Romania, som eg kjenner, seier at der er eit lønsnivå som dei føler dei kan leve med, sa Gurskevik.

Publisert: 03.02.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59