Varsko til moebel klynga paa Nordvestlandet
VARSKO: Møbeldesignar Fredrik Torsteinsen etterlyser eit større fagleg miljø i møbelbransjen, og fryktar viktig kompetanse er i ferd med å forsvinne. Han kom med sitt varsko under paneldebatten på bransjekonferansen i Sykkylven denne veka.
Analyser

Varsko til møbel-klynga på Nordvestlandet

Ein kort replikk frå møbeldesignar Fredrik Torsteinsen var nok til å skape spent stemning på møbelseminar i Sykkylven. Men bransjen bør lytte til bodskapen.

25.10.2020
ANALYSETorsteinsen har mellom anna teikna møblar for Helland Møbler, Fora Form og Tynes Møbler. No har han fått problem med å få hjelp til å lage prototypar og teste ideane sine i Noreg, og med å finne produsentar.Det handlar både om møbelprodusentane sjølve og alle bedriftene rundt møbelprodusentane, dei som lagar deler, material og utstyr.- Det faglege mangfaldet krympar enormt, seier Torsteinsen til NETT NO. Kompetansen som mellom andre Torsteinsen treng for å gjere ideane sine om til kommersielle produkt forvitrar, opplever han.- Vi er i ferd med å miste noko, seier Torsteinsen. Det er fleire vurderingar som kan gjerast i samband med det Torsteinsen tok opp på seminaret.Den eine, som så vidt kom opp i debatten, er at det Torsteinsen etterlyser og driv med, er så smått at det er mest plunder og heft.Den andre er at det finnes bedrifter og aktørar som kan gjere det arbeidet Torsteinsen er ute etter, men at han ikkje veit om dei.Den tredje er at miljøet og mangfaldet i møbelindustrien faktiskt har blitt mindre, og at bransjen samla sett hadde ein større fagkompetanse før. Den første vurderinga er ei oppskrift på korleis ein skal gå glipp av nye idear - fordi ein har det for travelt med å produsere det ein alt er i ferd med å produsere. Det er ei oppskrift som i det lange løp vil gjere møbelindustrien meir avhengig av å kunne produsere billeg, fordi den ikkje tek nye produkt til marknaden - produkt der betalingsviljen er større.Den andre vurderinga, at problemet er at Torsteinsen ikkje kjenner til tilbodet som finnes - kan godt vere rett. Men det fortel i så fall at det miljøet som er her har ein jobb gjere med å bli synlegare, også for sin eigen del, Den tredje vurderinga er utvilsomt rett, møbelbransje-miljøet er blitt mindre.- Møbelklynga er i ferd med å forvitre. Den som ikkje finn på noko anna, (enn å jobbe inn mot møbelbransjen, red. merk) den er ferdig, sa dagleg leiar og medeigar Håvar Tandstad i Møbeltre as til NETT NO i mars i år. Tandstad starta Møbeltre i 2001, og selskapet hadde ein nesten samanhengande vekst til 2015/2016. Den tidlegare leiaren for trebearbeidingsavdelinga hos Hjellegjerde satsa på å vere leverandør til møbelfabrikkane, med trebearbeiding som spesiale.Men kundane er blitt færre, og sjølv har Tandstad lagt om til å bygge skilleveggar i glas for kontor. Bedrifta kjøper glasa og lagar sjølv rammene dei skal settast i.Tidlegare Formfin-sjef Olav Utgård tok alt i 2015 opp at det blei færre og færre underleverandørar å velje mellom. Det gjekk ut over evna til nyskaping, meinte han.- Det er jo færre (bedrifter, red. merk.) og då får du ikkje den innovasjonen og idemyldringa du hadde, sa Utgård til NETT NO.Torsteinsen sitt utspel på møbelbransjeseminaret kan takast som eit varsel om at møbelbransjen er i ferd med å nå ei kritisk grense, der den blir så liten at den ikkje klarer å oppretthalde miljøet som må til for nyskaping og ny vekst.Gjennom Møbelkraft-prosjektet samarbeider mellom andre møbelbedrifter i Sykkylven om å skape eit miljø for innovasjons- og kunnskapsutvikling i møbelindustrien.Eitt nytt nasjonalt senter for å gjere møbel-, tekstil-, sport-, interiør- og moteindustrien betre på marknadsføring og sal, berekraft og produksjon, er under etablering. Eksistensen av Møbelkraft er medverkande til at senteret vil ha Sykkylven som base, saman med Oslo.Det nasjonale senteret er kan bli positivt for møbelmiljøet på Nordvestlandet. Det kan truleg bli enda meir positivt om møbelmiljøet tek til seg den kriseforståinga som Torsteinsen formidla, og handlar for å vise fram og utvikle det tilbodet han etterspør.

Publisert: 25.10.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59