Analyse:
Erna Solberg er leiar for Høgre, partiet som blei den store taparen i stortingsvalet mandag 8. september.
Når det nyvalde Stortinget møtes blir det med ei Frp-gruppe på 48 representantar. Det er dobbelt så mange som Høgre, som stiller med 24. Høgre har no 12 representantar færre enn dei hadde i perioden 2021-2025.
Med Høgre sitt nederlag glapp også sjansen for eit regjeringsskifte, slik Høgre, Venstre, Kristleg Folkeparti og Framstegspartiet sa dei ønskte seg. Jonas Gahr Støre (Ap) held fram som statsminister, og har i utgangspunktet Senterpartiet, SV, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i ryggen som støtteparti for ei rein Arbeidarparti-regjering.
I Dagens Næringsliv spør kommentator Fridtjov Jacobsen korleis dei borgarlege partia kunne klare å tape kampen om regjeringsmakta. Ap/Sp-regjeringa gjorde seg kraftig upopulære i næringslivet, både med skatteauke, måten skatteauken vart gjennomført på - og retorikken sin om næringslivet. Dei fekk absolutt ingen gevinst av å gjere om på samanslåing av fylke, kommunar, domstolar og gjenopning av politikontor.
Høgre kunne surfe på ei bølge av Solberg-nostalgi, og behøvde ikkje gjere anna enn sjå Støre og Vedum øydelegge for seg sjølv. Truleg er det her det gjekk gale for partiet.
Høgre miste framdrift og vart for forsiktige for å ikkje støyte frå seg nokon. Det skapte meir plass for Framstegspartiet, som tok klarare standpunkt mellom anna i spørsmålet om formuesskatten (vil fjerne den heilt), fjerning av CO2-avgift for fiskeflåten (Høgre kom etter i vår, mot Solberg si stemme), elektrifisering av oljeinstallasjonar på sokkelen, kutt i bistand og reduksjon i utgifter knytt til innvandring.
Då Senterpartiet gjekk ut av regjering og tidlegare statsminister Jens Stoltenberg erstatta Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum som finansminister snudde stemninga både i Arbeidarpartiet hos veljarane. Det greidde Høgre ikkje å svare på. Med det forsvann også sjansen for eit regjeringskifte, viste det seg.
Solberg sa det sjølv i eit talen til partiet på valnatta: Høgre kom i skvis mellom Arbeidarpartiet og Framstegspartiet.
At Solberg sin ektefelle, Sindre Finnes, var ein aktiv aksjespekulant og dermed gjorde Erna Solberg hadde vore inhabil i saker som ho hadde på bordet som statsminister, var ein skandale som kunne ført til at Solberg gjekk av som Høgre-leiar då aksjehandelen vart kjent i 2023.
Men Solberg ville ikkje gå av, og ingen tunge Høgrefolk ville utfordre henne, eller kreve at ho trekte seg. Ein avgang kunne kanskje skapt ein ny dynamikk i partiet, og ein ny leiar kunne klart å skape ny entusiasme.
Aksjesaka skada både Solberg og partiet, men partiet finn neppe svaret på nedturen der. Saka gav heller ikkje noko fall i oppslutninga om Høgre med ein gong. Difor bør partiet heller sjå på sin eigne politikk og innsats i heile stortingsperioden når valresultatet skal vurderast. Spørsmålet er også om partiet let ulike aksjonsgrupper mot formuesskatten få for stor plass i valkampen, slik at det vart ein snever formuesskattedebatt i staden for ein breiare debatt om vilkåra for næringslivet.
Til sjuande og sist er det politikken, og trua på at politikarane får gjennomført den, som tel. Uansett er nok Solberg sine dagar som partileiar talte, og det er vanskeleg å sjå korleis partiet kan tene på bruke lang tid på leiarskiftet.
Sjølvransaking er neppe det begeistra Frp-politikarar tenkjer dei bør bruke mykje tid på om dagen, men faktum er at partiet hadde eit mål om regjeringsskifte. Det vart ikkje nådd, og så sant ikkje partiet trur på reint fleirtal i framtida må det søke samarbeid.
Ein kandidat å fri til er Senterpartiet, som politisk står langt frå SV, Raudt og MDG, men som Støre må ha med for å sitte trygt.
Akkurat som Høgre gjorde Senterpartiet eit dårleg val, men sit paradoksalt att med meir makt i Stortinget enn Framstegspartiet.
Publisert: 09.09.2025 11:38
Sist oppdatert: 09.09.2025 11:38






