Jets-konsernet på Hareid har fleire år med solid vekst bak seg. I 2025 gjorde både omsetning og overskot eit nytt hopp – og konsernet var svært nær å bikka éin milliard i omsetning.
– Det var eit kjempeår for Jets, og vi hadde ein ny betydeleg vekst, fortel konsernsjef Øyvind Tørlen til Nett No.
Rekneskapen er ikkje klar frå Brønnøysund enno, men Tørlen fortel at omsetninga enda på 997 millionar.
Det er ein vekst på nær 240 millionar – eller drygt 30 prosent – samanlikna med året før.
– Vi har hatt framgang både på sjø og land, seier Tørlen – som ikkje no vil gå i detalj på korleis veksten har fordelt seg på ulike segment.
Nytt rekordoverskot i fjor
Også overskotet skaut i veret og grusa alle tidlegare rekordar. Tørlen opplyser at konsernet fekk eit resultat før skatt på kring 280 millionar kroner i 2025.
Det er ei auke på drygt 100 millionar samanlikna med året før, og gir ein resultatmargin på svært solide 28 prosent.
Konsernsjefen påpeiker at mykje av resultata kjem som følgje av at dei jobbar smartare og får meir at av ressursane dei har.
– Ein utruleg viktig del av reisa vår, har vore å ikkje auke kostnadene like mykje som omsetninga, legg Tørlen til.
Vekst på cruise- og forsvarsskip
Høg aktivitet i den maritime industrien generelt er mellom årsakene til Jets-veksten.
Cruiseskip har lenge vore ein viktig marknad for toalettsystema frå Hareid-konsernet, og er ein marknad der det no er fullt opp å gjere med bygging av store skip.
– Også i navy- og forsvarsmarknaden er det mykje aktivitet og fleire land har auka sine budsjett som følgje av at vi lev i ein meir usikker tid, seier Tørlen.
– Det har gitt fleire leveransar på det området, legg han til.
40-årsfeiring i Geiranger
I desse dagar kan konsernsjefen og dei kring 210 tilsette markere at det er 40 år sidan bedrifta starta opp i 1986.
Sjølve «bursdagen» var den 12. mai og i slutten av månaden dreg alle tilsette med følgje til Geiranger for å feire skikkeleg.
Dei tilsette kan også gle seg over at det gode 2025-resultatet, har gitt solide bonusar.
– Det vart ein god bonus med over 65.000 kroner til dei som har vore tilsett heile året, fortel Tørlen.
Konsernet planlegg også ein ope dag i august, der alle i nærmiljøet er velkomne til å kome innom.
Produksjon på Hareid og i Latvia
Jets-konsernet har hovudkontor på same adressa dei flytta til i 1989, men har sidan utvida med eit ekstra produksjonslokale på Hareid.
I tillegg har Jets eigen fabrikk i Saldus i Latvia, der dei har hatt produksjon sidan 1990-talet.
Tørlen fortel at dei klarer å tilpasse kapasiteten til etterspurnaden med dagens fasilitetar. Trass i ein stram arbeidsmarknad, går det også greitt å få tak på nye tilsette.
– Vi opplever at vi er ein attraktiv arbeidsgivar, og det har vi ambisjonar om å halde fram med. Vi prøver å gi folk moglegheita til å utvikle seg, samtidig som dei får gode arbeidsvilkår, seier konsernsjefen.
Publisert: 16.05.2026 05:00
Sist oppdatert: 16.05.2026 01:02






