Vil samle kamphanar
CRUISEHAMN:  Eid kommune gjekk ut av det felleskommunale hamneselskapet i Nordfjord etter strid om etablering av cruisekai i Nordfjord. I mai i år kom det første cruiseskipet. No tilrår rapport samling til eitt hamneselskap for både Nordfjord, Bremanger og Flora.
Analyser

Vil samle kamphanar

Ein konsulenterapport tilrår samling av alle hamneselskapa i Nordfjord, Bremanger og Flora. Det krev i så fall at aktørane greier å legge gamal strid bak seg.

10.06.2019
ANALYSE52 millionar kroner i inntekter og 13 millionar kroner i driftsoverskot og solid eigenkapital. Det er summen av 2018-reknskapa for dei fire kommunalt eigde hamneselskapa i Flora, Bremanger og Nordfjord. 2019 kjem truleg til å bli enda betre, i følgje rapporten konsulentselskapet Pwc har laga for kommunane som eig hamneselskapa.Rapporten peikar mellom anna på at det foregår ein konsentrasjon til større hamneselskap, at styresmaktene ønskjer større og meir effektive hamner for å auke skipstrafikken på bekostning av vegtransport - og på forventingar om vidare vekst i cruisetrafikken og behov for større hamnekapasitet.Heile rapporten kan du lese ved å klikke på lenka i slutten av artikkelenTil samanlikning hadde det interkommunale selskapet Ålesundsregionens Havnevesen 71 millionar kroner i driftsinntekter og eit driftsoverskot på 23 millionar kroner i fjor. Det er altså ikkje eit lite selskap det er snakk om - dersom det blir ei samling.I løpet av kort tid vil truleg kommunane seie ja til å gå vidare i prosessen, og vedta ei utgreiing om ei eventuell samling. Den utgreiinga skal vere ferdig neste sommar, og det er truleg først då eventuelle konflikter mellom dei ulike partane kjem fram i dagen.Det er fleire årsaker til at det kan bli utfordrande å samle seg - samstundes som det også blir utfordrande å halde fram som før:Eigarskapet blir komplisert.Flora og Vågsøy går saman i ei kommune og blir dermed medeigar i to hamneselskap, i Flora Hamn og i Nordfjordkommunane (minus Eid) sitt selskap Nordfjord Hamn. Også Selje og Eid kommune går saman og blir dermed medeigar i Nordfjord Hamn, samstundes som Eid gjekk ut av Nordfjord Hamn frå starten av 2018 - etter at Nordfjord Hamn ikkje ville investere i cruisekai ved Eid sentrum.Bremanger har sitt eige hamneselskap, som Eid kommune har eit administrativt samarbeid med.Det kan bli strid om utbytte.Den nye hamne- og farvasslova som er på veg vil opne for at hamneselskapa kan dele ut utbytte. I dag er det ikkje lov, alt overskot skal pløgast attende i ny hamneverksemd - uansett om det er lønsamt eller ei. Det er ei lovendring som vil redusere makta til styre og administrasjon i selskapa, fordi eigarane får større makt over kva pengane skal brukast til. Utbytte kan halde medlemskommunar inne i eit hamneselskapssamarbeid også om hamneselskapet ikkje har hamn i kommunen, fordi kommunane då får noko handfast att for å vere med. Utan korkje hamn, aktivitet eller utbytte kan det vere meir fristande å bryte ut - slik Eid har gjort.Den nye cruisehamna i Nordfjordeid hadde ikkje sett dagens lys om Eid kommune hadde basert seg på at utbygginga skulle skje i regi av det felleskommunale selskapet Nordfjord Hamn IKS.Hamneselskapet ville ikkje vere med på investeringa, og meinte og at utbygginga i regi av private interesser og Eid kommune var eit brot på vedtektene om å starte konkurrerande verksemd.Eid vedtok å melde seg ut i 2016 og utmeldinga tok til å gjelde frå starten av 2018.- Det at vi ikkje får hjelp av Nordfjord Havn er ein ting, men når vi blir aktivt motarbeidd, så er ikkje det greitt, sa ordfører Alfred Bjørlo i Eid til Fjordenes Tidende i samband med utmeldingsvedtaket i 2016.Då formannskapet i Vågsøy i førre veke behandla korleis framlegga i konsulentrapporten skal handterast vidare vart det gjort eit vedtak som legg føringar om at korleis ei eventuell samling til eitt hamneselskap skal skje. Vedtaket indikerer at Vågsøy-politikarane meiner at Nordfjord Hamn IKS skal sitte i førarsetet:"Formannskapet i Vågsøy meinar at dei utfordringane ein no har ifht. eigarstrukturen best kan løysast i Nordfjord hamn. Vidare vurderingar for å finne ei løysing, bør difor ikkje organiserast i eit prosjekt utanfor Nordfjord hamn. Formannskapet i Vågsøy meinar at første steg må være at ein prøver å komme til einigheit innad i NH for korleis innlemme Stad og Kinn i selskapet."(Stad er namnet på samanslåing av Eid og Selje kommuner, Kinn er samanslåinga av Vågsøy og Flora.)Det er Nordfjord Hamn IKS som er størst av hamneselskapa, med over halvparten av dei samla inntektene. Nordfjord Hamn er også klart mest lønsamt. Over 10 av dei 13 millionane i driftsoverskot er tent inn av Nordfjord Hamn IKS. Men styret i Nordfjord Hamn som sa nei til å vere med på finansieringa av cruisekaia i Nordfjordeid kan ha gjort eit vedtak som gjer at Eid kommune har fått eit betre forhandlingskort no, enn før cruisekaia blei bygd.Inntektene frå cruiseskipa står for over ein fjerdepart av inntektene til Nordfjord Hamn IKS. I år er det meldt inn 103 cruiseskipsanløp til cruisekaia i Olden. Neste år er det spådd 125.Nordfjordeid får over 20 anløp i år, og ventar dobling til neste år.


Publisert: 10.06.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59