Kort fortalt

Ålesund skal ikkje vere nynorskkommune

Berre éin stemte mot forslaget i formannskapet.

NPK
23.11.2023

(NPK): Eit nesten einstemmig formannskap i Ålesund har vedteke at dei ønskjer ein språknøytral kommune.

Berre SV-representanten stemte imot forslaget om å gjere Ålesund til ein språknøytral kommune, skriv Sunnmørsposten.

Det er til sjuande og sist kommunestyret som skal gjere det endelege vedtaket, men mykje tydar på at formannskapet sitt forslag vert ståande.

I praksis vil det seie at kommunen skal vere språknøytral der det er valfritt for dei tilsette å bruke enten nynorsk eller bokmål. Kommunen skal òg melde seg ut av Landssamanslutninga for nynorskkommunar.

(©NPK)

Publisert: 23.11.2023 13:06

Sist oppdatert: 23.11.2023 13:06

Mer om