11 prosent av befolkninga har svake digitale ferdigheiter, og 3 prosent blir rekna som ikkje-digitale, ifølgje ei undersøking.
Undersøkinga er gjennomført av Kompetanse Noreg for Kommunal- og moderniseringsdepartementet, skriv Aftenposten.
I samband med koronapandemien seier 68 prosent at dei merkar eit auka behov for digitale ferdigheiter i jobb, daglegliv eller begge deler.
39 prosent av dei over 60 år blir rekna som ikkje-brukarar eller svake brukarar av digitale tenester.
Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) fekk rapporten med undersøkinga måndag denne veka, og før sommaren kjem ein strategi for å auke den digitale kompetansen.
– Vi kan ikkje tvinge folk til å bruke digitale løysingar. Til så lenge må vi ha eit alternativ. Men kor lenge skal vi som samfunn ta dei ekstrakostnadene som følgjer med? Vi skal stimulere og leggje til rette. Men vi har eit mål om at alle skal ha moglegheit til å bli digitale brukarar, seier Helleland til Aftenposten.
Publisert: 17.03.2021 08:06
Sist oppdatert: 17.03.2021 08:07