Kort fortalt

1.100 kroner dyrere per hushald

Auke for månadsbudsjettet for ein typisk familie.

23.09.2022
(NPK-NTB): Utgiftene til ein vanleg norsk familie har auka med 1.100 kroner i månaden sidan februar, ifølgje forbruksforskarane i Sifo.

Det er kostnader til mat og drikke, andre daglegvarer og bilhald som har auka mest på det siste halvåret. Samtidig har prisen på barnehage gått ned.

– For ein eksempelfamilie med to vaksne og to barn, der eitt av barna går i barnehage, inneber denne justeringa ein auke i månadlege kostnader på i overkant av 1.100 kroner, seier forskar og prosjektleiar Marthe Hårvik Austgulen ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO.

Sifos referansebudsjett og tilhøyrande kalkulator er oppdatert med nye tal frå august 2022. Det er første gong sidan 1990-talet at det er henta inn nye prisar to gonger i året.

Referansebudsjettet viser kva det kostar å leve på eit akseptabelt forbruksnivå for hushald av ulik storleik og med ulik alders- og kjønnssamansetning. Utgifter til bustad og straum blir haldne utanom.

Normalt blir tala oppdaterte éin gong i året – i februar. Men ettersom vi i 2022 har opplevd mykje høgare prisvekst enn tidlegare år, er referansebudsjettet no oppdatert. Det tek utgangspunkt i konsumprisindeksen, men det er også samla inn oppdaterte prisar på enkelte forbruksområde.

Referansebudsjettet har vorte årleg oppdatert sidan 1987. Det blir brukt av det offentlege, bankar og privatpersonar. Mellom anna blir det brukt for å fastsetje barnebidrag og som bakgrunn for å innvilge lån. Mange brukar det også som utgangspunkt for å setje opp sitt eige budsjett.

(©NPK)

Publisert: 23.09.2022 09:22

Sist oppdatert: 23.09.2022 09:24

Mer om