1,2 milliardar til satsing på yrkesfag
Ny lekkasje frå statsbudsjettet.
(NPK-NTB): Regjeringa vil i statsbudsjettet for neste år auke satsinga på yrkesfag til 1,2 milliardar kroner. Satsinga på ordninga Fagbrev på jobb blir styrkt.
Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) røper budsjettlekkasjen overfor P4. Beløpet er ein auke frå 1 milliard kroner i førre statsbudsjett.
83,2 millionar kroner går til ordninga Fagbrev på jobb, der vaksne kan skaffe seg formell kompetanse medan dei er i jobb. Det er utgjer ein auke på godt og vel 23 prosent.
– Det at fleire tek fagbrev er vi heilt avhengig av, rett og slett for at samfunnet skal kunne gå vidare, seier Brenna.
Regjeringa vil bruke 485 millionar kroner for at fleire skal bli kvalifiserte til læreplass og til arbeid med å få fleire læreplassar. Dette er på nivå med 2023-budsjett
(©NPK)
Publisert: 05.10.2023 09:49
Sist oppdatert: 05.10.2023 09:49