Kort fortalt

10,5 milliardar mindre

Staten tek inn stadig mindre i bil- og drivstoffavgifter.

01.11.2021

NPK-NTB: Inntektene til staten på drivstoff og motorvogner sokk med 11 prosent frå 2019 til 2020. Overgangen til elbilar og lågutsleppsbilar trekkjer ned innbetalingane.

Avgiftene på drivstoff og motorvogner er dels avhengige av bruk, og dels knytt til det å eige eller kjøpe ein bil.

Dei innbetalte avgiftene på drivstoff og motorvogner gjekk ned med 4,6 milliardar kroner frå 2019 til i fjor. Av dette var 3,6 milliardar kroner nedgang i avgifter på å kjøpe og eige bil, medan 1 milliard kroner var avgifter på drivstoff, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

Sidan 2015 er innbetalte avgifter på drivstoff og motorvogner reduserte med 10,5 milliardar kroner. I denne perioden auka talet på elektriske personbilar frå 69.000 til 340.000.

I same periode vart salet av bensin og diesel redusert. Salet av bilbensin vart redusert med nesten 18 prosent, medan salet av diesel vart redusert med i underkant av 7 prosent.

Publisert: 01.11.2021 10:55

Sist oppdatert: 01.11.2021 10:57