10 milliardar til «grøn» skipsfinansiering
35 skip over fire år.
(NPK): Eksportfinansiering Norge (Eksfin) har på fire år gitt statlege lån og garantiar til ein verdi av rundt 10 milliardar kroner til bygging av skip i Noreg som brukar miljøvennleg drivstoff eller reduserer skadelege utslepp gjennom ny teknologi.
Dei siste fire åra har Eksfin gitt bidrag til finansieringa av 35 miljøvennlege fartøy til aktørar som Hurtigruten, Norled, Fjord1, Color Group AS, Fjordline og Boreal.
Då VARD Søviknes i sommar leverte det eksklusive ekspedisjonscruiseskipet Le Commandant Charcot til franske PONANT, kunne ein samtidig feire at Eksfin (tidlegare Eksportkreditt Norge og GIEK) har bidratt med heile 10 milliardar kroner i statlege lån og garantiar for å sikre oppdrag for norske verft – og det berre på fire år.
– Eksfin har vore framoverlent dei siste åra mot prosjekt med sterk miljøprofil og har vore med på å finansiere ei rekke miljøvennlege skip. Vi er her for å auke den finansielle kapasiteten i norsk næringsliv, seier CEO Tone Lunde Bakker i Eksfin i ei pressemelding.
<p>(©NPK)</p>
Publisert: 17.08.2021 14:12
Sist oppdatert: 17.08.2021 14:15