100.000 eigedommar har ukjende eigarar
Skatteetaten avdekkjer store hol i registera.
(NPK-NTB): Tal frå Skatteetaten avdekkjer store hol i eigedomsregistera i Noreg. Skattedirektøren vil innføre ei lovpålagd plikt til å registrere eigarskap til fast eigedom.
I eit intervju med TV 2 førre veke bad Økokrim-sjef Pål Lønseth om ei innstramming av eigedomslovene i Noreg. Økokrim-sjefen får støtte frå skattedirektør Nina Schanke Funnemark.
– Det er ei utfordring at vi ikkje har tilstrekkeleg oversikt over kven som eig kva i Noreg, seier Funnemark til TV 2.
Før skattemeldingane vart sende ut i mars i år, mangla Skatteetaten opplysningar om eigarskap til cirka 193.000 eigedommar. Rundt 6000 fritidseigedommar er registrerte utan eigarar, og i underkant av 67.000 eigedommar er registrerte på menneske som er døde.
I dei cirka 193.000 tilfella der Skatteetaten manglar opplysningar, er det ingen tinglyst eigar, og heller ingen eigar som har oppgitt eigedommen i skattemeldinga.
For rundt 90.000 av eigedommane er det av ulike årsaker normalt at dei ikkje har registrerte eigarar. Det kan til dømes komme av at eigarane er registrerte på seksjonar. Dermed står det att 100.000 eigedommar.
Funnemark meiner ei registreringsplikt for eigarskap til fast eigedom er nødvendig.
– Det ville ha gjort det veldig mykje enklare for oss å fastsetje og krevje inn rett skatt, men kanskje endå viktigare: å få bukt med økonomisk kriminalitet, seier Funnemark.
(©NPK)
Publisert: 29.05.2024 09:36
Sist oppdatert: 29.05.2024 09:36