Kort fortalt

100.000 fisk døydde i Rostein-båt

Mattilsynet kritisk i rapport.

13.12.2024

Mattilsynet varslar eit vedtak om at Rostein-reiarlaget må gå gjennom sine rutinar og prosedyrar etter ei hending der 100.000 fisk døydde, ifølgje Sunnmørsposten

Ein av Rostein sine brønnbåtar henta 327.00 store settefisk ved eit settefiskanlegg i Nordland den 19. september. 

Då fisken skulle settast ut ved eit anlegg på Gjermundnes i Romsdal var det kring 100.000 døde fiskar i tankane.

Mattilsynet har fleire kritiske innvendingar til korleis lastinga og transporten skjedde. Samtidig er det motstridane opplysingar frå partane, og det blir ikkje konkludert med kva som er årsaka til fiskedøden, skriv avisa. 

Viseadministrerande direktør Glen Bradley i Rostein skriv i ei melding at de vil sjå på korleis rutinane deira kan betrast, men meiner rapporten gir eit skeivt inntrykk av årsaka og ansvarsfordelinga hos aktørane. 

Publisert: 13.12.2024 16:26

Sist oppdatert: 13.12.2024 16:26

Mer om