Kort fortalt
1000 fleire arbeidsledige i november
1000 fleire personar vart arbeidsledige i Noreg i november. Til saman er 66.700 personar registrerte som arbeidsledige eller arbeidssøkjarar hos Nav.
01.12.2023
– Arbeidsløysa held fram med å auke, og det er no 10.100 fleire heilt ledige og arbeidssøkjarar på tiltak enn for eitt år sidan. Ein tredel av auken kjem av eit auka tal på ukrainske arbeidssøkjarar. I tillegg har arbeidsløysa auka mykje innan bygg og anlegg det siste året, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte i ei pressemelding.
Publisert: 01.12.2023 10:17
Sist oppdatert: 01.12.2023 10:17