11 avvik på ulukkesferje
Sjøfartsdirektoratet med rapport etter krasj i Lysefjorden.
(NPK-NTB): Sjøfartsdirektoratet har funne elleve avvik på MF Skånevik, som må utbetrast før ferja kan setjast tilbake i drift. Ferja krasja i ein fjellvegg søndag.
– Det vi synest er alvorleg, er at det er mange funn knytt til drifta av fartøyet, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet til NTB.
Direktoratet var om bord i ferja måndag og fann til saman elleve avvik som må utbetrast.
Ni avvik på mannskap og dokumentasjon
Ifølgje Stavanger Aftenblad var to av desse funna tekniske forhold på skipet, som dreier seg om reparasjon av skadar som oppstod i samanstøyten i Lysefjorden søndag.
I tillegg til tekniske funn fann direktoratet også heile ni avvik som gjeld mannskap og dokumentasjon.
Det har mellom anna ikkje vorte dokumentert at mannskapet har fått fartøyspesifikk opptrening. Heller ikkje kviletid har vorte dokumentert godt nok. Eit anna avvik er mangel på gyldig dokumentasjon på krise- og passasjerhandtering.
– Det er alvorleg at dette ikkje er på stell når ein driv passasjertrafikk, seier Aarhus til Aftenbladet. Han legg til at regelverket er der for at mannskapet skal vite kva dei skal gjere når ein situasjon oppstår.
Når skipet vil vere i drift igjen avheng av kor lang tid det vil ta å reparere dei materielle skadane, fortel Aarhus til NTB. I tillegg er det eit spørsmål om mannskapet må kursast, eller om dei faktisk har desse kursa og det held å finne dokumentasjon.
Dagleg leiar Arne Glenn Flåten i Fjord X seier til Aftenbladet måndag at han vil vente med å gi utfyllande kommentarar til han har gått gjennom funna med mannskapet og Vestlandske Trafikk.
Direktoratet skal om bord på MS Skånevik igjen og sjekke at alt er i orden før ferjedrifta kan starte opp.
Var åleine på brua
Samanstøyten skal ha skjedd omtrent klokka 16.15 søndag. Skipperen hadde sovna på brua. Det skal vere to på brua, men skipperen var åleine der då ulykka skjedde, seier Aarhus til Aftenbladet.
Ingen skal ha vorte skadde under samanstøyten, og heller ikkje ferja skal ha fått store skadar.
– Det var eit kraftig smell. Heldigvis gjekk det så bra som det gjekk når uhellet først skulle vere ute, seier Aarhus til NTB.
Ferja er innleigd til ei turistrute mellom Flørli og Lysebotn i Lysefjorden av Rødne Fjord Cruise og Fjord X.
Publisert: 11.07.2023 10:49
Sist oppdatert: 11.07.2023 10:49