Kort fortalt

147 innstilte SAS-flygingar

Flest innlandsruter ramma fredag.

08.07.2022

(NPK-NTB): Så langt i dag har 147 flygingar til og frå Noreg vorte kansellerte som følgje av SAS-streiken.

Det viser tal frå Avinors nettsider.

900 SAS-pilotar gjekk måndag 5. juli ut i streik, og sidan då har 752 flygingar i Noreg vorte kansellerte.

Av dei 147 innstilte flygingane i dag er 84 av flygingane innanlands, 48 er innanfor Schengen, og 15 var utanlandsflygingar utanfor schengen.

Laurdag er allereie 22 flygingar innstilte.

Dette er fordelinga på innstilte avgangar frå norske flyplassar så langt i dag:

* Oslo: 65

* Trondheim: 8

* Bergen: 7

* Tromsø: 7

* Bodø: 6

* Stavanger: 5

* Bardufoss: 3

* Kristiansund: 2

* Ålesund: 2

* Alta: 2

* Kirkenes: 2

* Harstad/Narvik: 2

* Kristiansand: 2

* Lakselv: 1

* Longyearbyen: 1

* Molde: 1

* Haugesund: 1

(©NPK)

Publisert: 08.07.2022 08:58

Sist oppdatert: 08.07.2022 08:59

Mer om