15 milliardar ekstra til Forsvaret
Aukar forssvarsbudsjettet 20 prosent.
NPK-NTB: Støre-regjeringa vil bruke 15 milliardar kroner meir på forsvar i statsbudsjettet for 2024, melder VG. Det er 20 prosent auke frå årets vedtekne budsjett.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier at vi lever i ei lagnadstid, og at dette er ein del av forsikringspremien i landet.
– Russlands angrepskrig i Europa er ei veldig alvorleg endring i dei tryggingspolitiske omgivnadene våre. Noregs forsikringspremie er medlemskapen i Nato, forholdet vårt til nære alliere og kapasiteten i vårt eige forsvar, seier Støre til VG om bakgrunnen for den store satsinga på forsvar.
Det samla forsvarsbudsjettet for neste år skal vere på på 90,8 milliardar kroner. Regjeringa håpar å nærme seg Natos toprosentmål med dette budsjettet.
7,5 milliardar kroner av forsvarsbudsjettet i 2024 vil gå til militær støtte til Ukraina.
Støre seier at sidan Ap og Sp overtok i 2021 har forsvarsbudsjettet dermed auka med 40 prosent.
Statsbudsjettet blir lagt fram for Stortinget fredag morgon.
Publisert: 04.10.2023 07:44
Sist oppdatert: 06.10.2023 08:51