Kort fortalt

15-årige gründerar satsar på sild og laks

Ungdomsskuleelevar i Herøy har starta eksportbedrift. 

25.02.2019
Gabriel N. Voldsund og Arne Skoge Nerem er høvesvis administrerande direktør og styreleiar i Primary Fishing Industries i Herøy. Dei to 15-årigane har starta selskapet som satsar på eksport av røyka sild og laks, skriv .
– Til no har det vore mykje papirarbeid. Vi arbeider for tida med ein avtale om kjølefrakt for produkta. Det var og mykje papirarbeid for å opprette firmaet, mellom anna fordi vi måtte søke fylkesmannen om godkjenning sidan vi er 15 år gamle. Også har vi brukt tid på å lage ei skikkeleg nettside, medan marknadsføring har vi enno ikkje hatt tida til, fortel dei unge gründerane til avisa.
Etter skuletid er dei driftige karane ofte på plass i Njardar-lokala på Leinøya, der dei for tida røyker og pakkar sild. Njardar på Leinøya er firmaet til Gabriel sin morfar og Primary Fishing Industries skal i hovudsak selje Njardar-produkt. Målet er i første omgang å få tilbake investeringane, men dei to gutane håpar at det kan verte eit levebrød på sikt.

Publisert: 25.02.2019 10:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35