Kort fortalt

17 nye smittetilfelle i Ålesund

Høgste talet under pandemien.

Marius Rosbach
29.04.2021

Ålesund fekk i løpet av onsdag melding om til saman 17 nye smittetilfelle. Dette er det høgste talet på smitta under koronapandemien, opplyser Ålesund kommune i ei melding torsdag.

– Smittesporinga viser at dette viruset smittar svært lett. Vi bed alle halde seg til få nærkontaktar og redusere aktivitet. Alle bør oppføre seg som om den dei møter eller ein sjølv kan vere smitta. Hald 2 meter avstand, og bruk munnbind. Hald deg heime om du kjenner deg sjuk og ta ein test, uttalar kommuneoverlege Olav Mestad, i meldinga.

  • 12 smittetilfelle er relatert til utbrotet ved restaurantane Toldboden og Anno i Ålesund sentrum. Alle tilfella er definerte nærkontaktar.
  • To tilfelle er relatert til eit utbrot på Haramsøya som har ramma ein storfamilie.
  • Eitt tilfelle er truleg relatert til eit utbrot meldt om tidlegare og som har forgreiningar til Stranda kommune.
  • Eitt smittetilfelle har relasjon til anna kjent smittetilfelle.
  • Ein person som arbeider ved Vard Brattvaag har fått påvist smitte med koronavirus. Smittekjelda er så langt ukjend.

Publisert: 29.04.2021 10:14

Sist oppdatert: 29.04.2021 10:53

Mer om
Annonsørinnhold