Vard brattvaag brattvåg 11
BRATTVÅG: Vard-konsernet har stengt verftet i Brattvåg og jobbar med å teste tilsette og kartlegge smitte. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Stenger Brattvåg-verftet grunna smitte

Seks arbeidarar har testa positivt etter at ein leverandør med påvist smitte var på oppdrag.

Marius Rosbach
29.04.2021

Vard-konsernet opplyser i ei pressemelding torsdag at dei har stengt Brattvåg-verftet etter at ein leverandør på verftet fekk påvist smitte onsdag ettermiddag, Smittekjelda er så langt ukjend,

Personen er busett i Ålesund kommune og blei testa etter å ha fått symptomar laurdag. Vedkomande har ikkje vore på verftet sidan fredag.

Til saman fekk Ålesund kommune onsdag meldt inn 17 nye smittetilfelle, der dei fleste stammar frå utbrotet ved Ålesund-restaurantane, Toldboden og Anno.

Seks arbeidarar har testa positivt
Verftet starta testing med ein gong smitten blei kjent, og seks arbeidarar testa torsdag kveld positivt på hurtigtestar, opplyser Vard i meldinga.

Arbeidarane som har testa positivt, er set i isolasjon på Trohaugen i Vestnes kommune.

Smittesporingsteamet jobbar med å få oversikt over nærkontaktar og kontakte desse.

Verft stengt inntil vidare
Leiinga har i samråd med lokale smittevernstyresmakter og Folkehelseinstituttet (FHI) avgjort at verftet blir stengt inntil vidare for å gjere systematisk testing av alle som jobbar ved verftet.

Vard opplyser at dei har fått gode tilbakemeldingar frå lokale styresmakter og FHI på arbeidet, og håpar at ei rask handtering vil hindre spreiinga av smitte.

– I natt har vi starta vasking av kontaktflater og desinfisert alle relevante områder på verftet og på skipet ved kai. Dette vil fortsette i dag. Våre arbeidarar vil sleppe tilbake på verftet fortløpande etter at de har avlagt negativ koronatest, seier verftsdirektør Dag Vikestrand ved Vard Brattvaag i meldinga.

Bygger spesialskip

Verftet jobbar for tida med eit 172 meter lang spesialskip til Prysmian Group. Skipet skal mellom anna bli nytta til å legge kablar ned til 2000 meters djupner.

Det neste nybygget, ein trålar til Nergård, er venta til kai over sommarferien.

NETT NO omtala i førre veke korleis verftet har behov for meir arbeid i nokre rolege perioder framover.

Publisert: 29.04.2021 09:38

Sist oppdatert: 30.04.2021 16:15

Mer om