Kort fortalt

19 bøtelagde i Sykkylven

100.000 kroner i samla bot.

30.03.2021

19 personar i 20-åra har fått totalt 100.000 kroner i førelegg etter ein privat samankomst i eit lånt forsamlingshus i Sykkylven i Møre og Romsdal 19. mars.

Arrangementet var i strid med det gjeldande forbodet mot innandørs arrangement med meir enn ti personar.

– Politiet skal følgje opp brot på smittevernlovgivinga, ikkje minst i ei tid med urovekkjande smitteutvikling. Det er viktig at vi alle held oss til dei tiltaka som er sette i verk for å hindre smittespreiinga i samfunnet, seier politiadvokat Mathias Häber i Møre og Romsdal politidistrikt.

Av dei 19, som er i alderen 20 til 26 år, fekk 18 eit førelegg på 5.000 kroner for å ha delteke på arrangementet, medan arrangøren har fått ei bot på 10.000 kroner.

Publisert: 30.03.2021 17:15

Sist oppdatert: 30.03.2021 17:16

Mer om