Kort fortalt

2,6 millionar overnattingar i september

Nesten like mange overnattingar som før pandemien.

29.10.2021

Talet på overnattingar på hotell, hyttar og campingplassar auka med 44 prosent frå september i fjor til september i år, viser tal frå SSB.

Samla var det om lag 2,6 millionar overnattingar på kommersielle overnattingsstader i september i år, noko som er 800.000 fleire enn for eit år sidan.

– Det er veldig nært nivået før pandemien. I september 2019 var det samla talet på overnattingar på 2,8 millionar, seier rådgivar Kristin Aasestad i SSB.

Men framleis er det få utanlandske turistar. Éin av tre utanlandske overnattingar manglar om ein samanliknar med tal frå september 2019.

Dei gode tala for norske overnattingar blir knytt til ein kraftig auke i kurs og konferansar.

– Det er ein auke i talet på overnatting for alle fylka. Dette er sjølvsagt gode nyheiter for næringa, men det vil nok ta litt meir tid før vi kan friskmelde bransjen, siger Aasestad.

Publisert: 29.10.2021 10:29

Sist oppdatert: 29.10.2021 10:30

Mer om