Kort fortalt

22 prosent eksportøkning for sjømat

Mindre fisk og høgare pris ga rekord.

05.04.2022

(NPK-NTB): Eksportverdien på norsk sjømat gjekk kraftig opp i første kvartal i år samanlikna med 2021. Årsaka er mellom anna mindre fisk og dermed høgare prisar.

Aldri før har verdien på norsk sjømat seld i utlandet vore større. I januar, februar og mars eksporterte Noreg sjømat for 34 milliardar kroner. Det er ein verdivekst på 22 prosent, tilvarende 6,2 milliardar kroner, frå same periode året før.

– Ein sterk global etterspurnad etter norsk sjømat gav ein rekordhøg verdi i første kvartal, seier administrerande direktør Renate Larsen i Norges sjømatråd i ei pressemelding.

Mars er den sterkaste enkeltmånad nokosinne for norsk sjømateksport, med ein verdi på 12,4 milliardar kroner. Det ein auke på 13 prosent frå mars i fjor.

Larsen understrekar samtidig at det er krevjande tider for sjømatnæringa òg. Krigen i Ukraina har ført til at det har vorte dyrare å frakte varene til utlandet.

Utfordrande vêr, kvotereduksjon og låg sjøtemperatur har i tillegg ført til lågare eksportvolum av sei, makrell og laks. Det vil seie at mengda av desse fiskeartane som vart eksporterte, var lågare enn før. Eksportvolumet for første kvartal i år var det lågaste i eit første kvartal på seks år.

– Verdirekorden er derfor driven av ein sterk prisvekst på mange artar. Lakseprisen har halde seg på eit høgt nivå, samtidig som vi har verdirekord på torsk og sei så langt i år, seier sjømatdirektøren.

Verdien for norsk lakseeksport var òg den høgaste som nokosinne er registrert.

(©NPK)

Publisert: 05.04.2022 13:39

Sist oppdatert: 05.04.2022 13:41

Mer om