Kort fortalt

24,7 formuesmilliardar ut av landet

Rikingar har teke med seg formue på nesten 25 milliardar frå Noreg i år.

22.12.2022

Til saman har formuar for 24,7 milliardar kroner forsvunne frå Noreg gjennom utflytting av velståande personar i år.

Dei ti tidlegare åra forsvann til saman 29,5 milliardar ut av landet på tilsvarande vis.

Tala gjeld utflytta personar med formuar på 100 millionar kroner eller meir. Det viser tal Nettavisen har fått innsyn i hos Finansdepartementet.

Utflyttingar blant rike personar i Noreg har dobla seg i 2022 samanlikna med nesten kva år som helst under Solberg-regjeringa.

Frå januar til midten av november i år er det registrert 23 personar med formue på over 100 millionar som har flytta, viser tala. Oversikta viser at det i snitt var i overkant av ni utflyttingar årleg då Erna Solberg (H) var statsminister mellom 2013 og 2021.

Publisert: 22.12.2022 07:21

Sist oppdatert: 22.12.2022 07:23

Mer om