(NPK-NTB): Det siste året er det blitt 25.000 fleire mellombels tilsette i Noreg. Det er ein auke på 12 prosent.
Auken kjem fram i arbeidskraftundersøkinga frå Statistisk sentralbyrå, som viser at det var 232.000 mellombels tilsette, skriv Dagsavisen. Trine Lise Sundnes i Handel og Kontor er ikkje overraska at varehandelen, der mange av hennar medlemmer jobbar, er ein av bransjane der mellombelse tilsetjingar aukar mest. Også helse- og sosialsektoren, offentleg administrasjon og undervisning er felt med høg vekst.
– Dette er det våre folk melder tilbake om. No blir dei faste jobbane erstatta med mellombelse jobbar, fortel ho. Sundenes meiner den viktigaste årsaka er den nye arbeidsmiljølova som tredde i kraft i fjor sommar. Den opna blant anna for mellombelse tilsetjingar utan grunngiving i inntil eit år.
– Før kunne våre tillitsvalde med lova i hand seie frå når arbeidsgivar tok seg litt for mykje til rett og peike på at nokon hadde krav på fast tilsetting. Det verktøyet har vi ikkje lenger.
Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) seier både oppmjukinga av lovverket og konjunkturane kan ha ei betydning. Ho peiker på at den same undersøkinga viser ein auke i sysselsettinga.
– Målet med eit meir fleksibelt regelverk er at fleire skal komme seg i jobb, men faste tilsetjingar skal framleis vere hovudregelen, seier Hauglie. (©NPK)

Publisert: 28.10.2016 07:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43